Hopp til innhold

Selde huset sitt og kjøpte campingplass - no bur dei sjølv i campingvogn på staden

Ekteparet Gunn Marte og Egil Tefre har selt huset sitt og bur no i campingvogn på campingplassen dei eig og driv - Jølvassbu i Jølster.

Gunn Marte og Egil Tefre

HER BUR DEI: Gunn Marte og Egil Tefre eig Jølvassbu camping, der dei bur i campingvogn.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Gunn Marte og Egil Tefre kjøpte Jølvassbu camping for åtte år sidan etter å ha feriert der i 15 år. No bur dei like godt i campingvogn på plassen etter å ha selt huset sitt til dottera.

Utanfor campingsesongen bur dei i ei hytte - også den på campingplassen.

– Her trivst vi godt. Det er ein fanstastisk fin plass. Det var difor vi kjøpte han. Vi var ikkje i tvil då han kom for sal. Det skjedde eigentleg veldig fort.

Og dei kan fortelje om god tilstrøyming av turistar i juni.

– Vi har hatt godt med overnattingar, det var mange tidleg i juni, og det heldt fram heile månaden, men akkurat no er det rolegare, seier Gunn Marte.

Færre tyskarar

Torsdag morgon er det fire bubilar - ein norsk og tre tyske, og det bur 20 gjester i tre hytter. Og akkurat tyske bubilturistar er det blitt færre av.

– Det har nok med finanskrisa å gjere, og at det er dyrt for dei å feriere og køyre i Norge, seier Gunn Marte.

Medan hotella rapporterer om stadig fleire asiatiske turistar er det ikkje så mange av dei som har funne vegen til Jølvassbu camping.

– Vi har hatt asiatiske turistar her, men ikkje så mange i år. Her er det mest nordmenn som kjem for å fiske i Jølstravatnet. Det er folk som kjem att år etter år.

Paret har gjennom alle åra dei har drive plassen opplevd ei auke i talet på besøkande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jølvassbu Camping

HEIM FOR FISKEGLADE: På Jølvassbu Camping er det mange som kjem att år etter år, mange av dei for å prøve fiskelukka.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Fantastisk moro

Egil Tefre trivst godt med å jobbe med turistar. No praktiserer han språk han ikkje lærde på skulen.

– Det er fantastisk moro, det går mest i engelsk og norsk, men vi snakkar til og med fransk, det går i armar og bein, og står vi fast slår vi om til indresogning. Då forstår alle oss, fleipar han.

I dei åtte åra dei har drive campingplassen har dei merka korleis finanskrisa har innverka på kven som kjem og ikkje.

– Fram til 2009 hadde vi ein auke på sør-europearar, det har avtatt. No er det nesten ingen spanjolar lenger. I år har vi ikkje hatt nokon til no. Det er ikkje lett for dei nedi der, og i tillegg er det dyrt her i Norge.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mireille Ruhier og Henri Bourel, 65 og 67 år gamle, er franske turistar i Jølster. Dei tek seg fram på tandemsykkel.

PÅ TANDEMSYKKEL: Det franske paret Mireille Ruhier og Henri Bourel likar godt den norske naturen.

På tandemsykkel gjennom Norge

Mellom turistane på Jølvassbu er eit par frå Frankrike, Mireille Ruhier og Henri Bourel, 65 og 67 år gamle. Dei tek seg fram på tandemsykkel.

– Norge er eit vakkert land, og frå sykkelen kan vi sjå heile naturen. Vi syklar 80 kilometer kvar dag, fortel Mireille.

Og den trufaste tandemsykkelen har teke dei til to olympiske leikar, i Peking i 2008 og London i 2012.

Dei bur i telt, og i natt merka dei at det regna godt.

– Det likte vi ikkje, for heile teltet vart vått.

Men kaldt synest dei ikkje det er, sjølv om dei spradar rundt i sykkelshorts.

– Men på Nordkapp var det veldig kaldt, det var snø og regn om ein annan, og vind, seier Mireille før ho og Henri startar på neste 80-kilometers etappe.