Hopp til innhold

Bur seg på problem på vegane i Nordfjord

Ekstra mannskap er kalla ut i beredskap på vegane både hjå Statens vegvesen og entreprenørane rundt om i fylket i samband med uvêret som er varsla frå laurdag.

Uvêr på Isane i Nordfjord første juledag

VIND: I Nordfjord er det venta kraftig vind, ved Stad opp mot orkan, laurdag. Det kan skape problem både med straum, på vegane og for ferjesambanda. (Arkivbilete frå Isane desember 2013).

Foto: Hanne Sandal

– I dag har vi rydda ferjekaier for lause materialar og jobba intensivt med å hindre problem som kan oppstå i samband med vêret, fortel avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Fleire etatar bur seg på utfordrande tilhøve

Frå laurdag er det meldt kraftig vind, og ved Stad kan vinden kome opp i orkan styrke. Fleire kraftselskap i fylket har også auka beredskapen, mellom anna i Sogn og Fjordane Energi har dei nær dobla mannskapa som skal vere på jobb.

– Vi er vanlegvis 10–15 stykk på jobb, som overvakar og er ute i felt på jobb, dette blir nær dobla, og så har vi mannskap i bakhald. Så følgjer vi situasjonen tett laurdag, fortel nettsjef i energiselskapet, Asgeir Aase.

For straumselskapet er det spesielt to ting som kan skape problem.

– I verste fall får vi trevelt, med kastevindar kan det skje. Det som heng i lufta kan sjølvsagt også ramle ned, men det er trevelt som gjev størst fare for store feil. Blir det straumbrot, så vil sjølvsagt kommunikasjonen vere eit problem, seier Aase.

Også Stryn Energi og Sognekraft har auka beredskapen, og det same har Vegtrafikksentralen og politiet.

– Vi har sett den beredskapen som vi meiner er nødvendig, og det betyr at vi er fleire folk på jobb enn vanleg, opplyser dei ved Politiets operasjonssentral fredag ettermiddag.

Trur det blir spesielt ille i Nordfjord

Meldingane om kraftig vind er først og fremst varsla for Nordfjord og kysten, men også vegvesenet er budde på at det vil bli trøbbel fleire stader. Alle vegar i Selje og innover langs Nordfjorden er utsette, men Slinde trur bilistar spesielt kan få problem over Dragseide, Manseide og Sandvikseide.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

BUDDE: Vegvesenet har kalla fleire folk ut og sett beredskap for å vere mest mogleg klare for uvêret som er venta laurdag, seier Nils Magne Slinde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Også andre høgdedrag vil vere utsette for vind og ting som kan ramle ned i vegbana. Også fjellovergangar, som Vikafjellet, kan få store problem, trur Slinde.

I tillegg til at vinden kan skape trøbbel, er det også venta springflo, med prognosar som varslar 60 til 70 cm høgare vasstand enn normalt. Laurdag er det venta flo klokka 14, på same tid som sterk vestavind kjem innover fylket.

– Det kan bety trøbbel på fleire ferjestrekningar frå 13-14-tida, seier Slinde.

Mest utsette reknar han med ferjesambanda i Nordfjord, som Måløy-Oldeide, Stårheim-Isane, Anda-Lote er, men også på Lavik-Oppedal, Ryssjedalsvika og i Askvoll kan vêrforholda skape vanskar.

Ikkje legg ut i utrengsmål

Vegvesenet oppmodar folk om å sjølve vurdere om det er fornuftig å legge ut på vegane. Ein ting er vêret på framvegen, men folk må også hugse på at ein skal kome seg tilbake, og at vêret då kan vere endra.

– Folk er vane med dårleg vêr, og veit korleis dei skal tolke meldingane, men ein må tenkje seg litt om. Slik det ser ut no så skal det løye noko ut på dagens søndag, men så får vi ei ny runde måndag og tysdag.