NRK Meny
Normal

Bur seg på kronprinsbesøk

Bremuseet i Fjærland feirar 25 år, og fredag kjem kronprins Haakon for å delta i feiringa.

Bremuseet i Fjærland

JUBILEUM: Bremuseet i Fjærland får storfint besøk til 25-års-markeringa.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det betyr svært mykje for oss som mueseum at kronprinsen kjem, men også for Fjærland, seier John Brekke, som er direktør for Bremuseet.

Det er altså 25 år sidan dronning Sonja stod for den offisielle opninga av Norsk Bremuseum. Fredag markerer Bremuseet jubileet, men det er altså kronprinsen som denne gongen tek turen til brebygda for å vera til stades under markeringa.

– Det er ekstra hyggeleg at vi har ein kronprins som er genuint oppteken av natur og distrikta våre, så dette gler vi oss til, seier Brekke.

Planlagt minutt for minutt

John Brekke, direktør ved Bremuseet i Fjærland

KRONPRINSBESØK: John Brekke er direktør ved bremuseet i Fjærland.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Når kronprinsen kjem på besøk er ingenting overlate til tilfeldigheitene. Besøket er planlagt ned til minste detalj.

– Her er det planlag minutt for minutt, men vi har mange gode folk involvert så dette skal nok gå bra.

Med tanke på at det meste av feiringa ferdag er planlagt utandørs har museumsdirektøren vore ein flittig brukar vêrtenesta Yr dei siste dagane.

– Vi har kikka kvar einaste dag, og fleire gonger kvar dag. Det er kjekt at det no ser bra ut, så vi kryssar fingrane for at ingen ting skal skje.

Besøkande frå heile verda

Når kronprinsen kjem til Fjærland fredag, står Brekke klar til å ta han med på ei omvisinga i dei særmerkte lokala, som er teikna av den kjende arkitekten Sverre Fehn. Sidan opninga i 1991 har det vore ei stor utvikling i korleis Bremuseet presentere seg for publikum.

– Det har vore ei stor utvikling, men det som er viktig er at det bygger på dei same prinsippa om interaktivitet. Slik sett har Bremuseet vore forut for si tid, og vi ser at det er det som skal til for å trekke til seg besøkande, seier Brekke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.