Hopp til innhold

Bur seg på knalltøff konkurranse

RAUDEBERG (NRK): Verftsindustrien ventar eit krevjande 2016. Nedgangen i oljerelatert verksemd merkast, og verfta opplever tøff konkurranse om jobbane. I Vågsøy går 11 verksemder saman for å stå betre rusta i kampen om oppdraga.

Båtbygg

VENTAR TØFT ÅR: Verftsindustrien, her Båtbygg på Raudeberg, reknar med at 2016 blir eit år med hardare konkurranse.

Foto: Stig Silden

– Det er heilt klart at konkurransen er knallhard. Det som har skjedd innan offshore er dramatisk, seier direktør Kjell Inge Sjåstad ved Båtbygg.

NRK møter Sjåstad og leiar ved Stadyard, Agnar Lyng på Stadyard sitt verft på Raudeberg i Vågsøy. Ein knallblå lekter har nett fått ny lakk.

Dei er begge vande med opp- og nedturar i næringar, men tek no likevel nye grep for å sikre seg arbeid.

Felles front skal sikre arbeid

Saman med ni andre verksemder i området har Båtbygg og Stadyard danna Måløy Maritime Group, for å stå saman i kampen om oppdraga.

Verftsleiarar Lyng og Sjåstad

GÅR SAMAN: Agnar Lyng (t.v.) i Stadyard har saman med Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg og ni andre selskap danna Måløy Maritime Group. No skal dei i lag kjempe om oppdrag frå Skottland, Shetland, Island og Færøyane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er eit trekk for å demme opp for konkurransen vi møter når vi skal ut og konkurrere mot Danmark, Tyrkia, Romania, Ukraina og alle dei andre verfta som er inne og konkurrerer mot oss, seier Lyng.

– Målsettinga er å drive aktiv, felles marknadsføring og oppsøkande verksemd på bedrifter som er etablert rundt Nordsjøbassenget, med hovudfokus på Skottland, Irland, Færøyane og Island, seier Sjåstad.

Det er ikkje berre på Raudeberg verfta merkar hardare konkurranse. Ifølgje Norsk Industri har den samla ordrereserven skrumpa gjennom året.

Over 10.000 arbeidsledige i industrien

På landsplan står 10.500 industriarbeidarar no utan jobb, ein auke på 2800 sidan i fjor på same tid.

I øykommunen Solund har hjørnesteinsverksemda Solund Verft hatt eit tøft år. Sjølv om det losna litt på slutten av 2015, kan det gå mot oppseiingar.

Svein Tore Eide

EIT VANSKELEG ÅR: Ved Solund Verft bur dagleg leiar Svein-Tore Eide dei tilsette på at 2016 vert tøft.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi kjem til å gjere tiltak. Vi er nøydde til å ruste oss, for 2016 vert eit vanskeleg år, det er rimeleg sikkert, seier dagleg leiar Svein-Tore Eide.

Ei todelt næring

– Ordrereserven ser mykje dårlegare ut enn vanleg, men med ordrane som ligg inne, så vil ikkje 2016 bli det dårlegaste året vi har hatt, seier bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri.

Bransjesjefen meiner verftsnæringa er delt.

– Det er moglegheiter. Eg brukar ikkje ordet krise. Det er veldig svart for dei innan offshore, men for dei andre er det faktisk ikkje så veldig svart, meiner Gørvell-Dahl.

Men manko på oljejobbar bidreg til at strukturane vrir på seg.

– Vi merkar konkurranse frå dei som tidlegare jobba mot offshore. No er dei begynt å ta arbeid innan fiskebåtbygging, som vi har jobba med. Det er konkurrentar alle vegar, seier Agnar Lyng i Stadyard.

– Eg har ikkje betre grunnlag for å spå enn nokon andre, men eg vil tippe at det blir i alle fall 2017 før vi begynner å sjå ein oppsving innan offshore, seier Gørvell-Dahll.