Hopp til innhold

Bur for nært skulen – får ikkje støtte

FØRDE I JØLSTER (NRK): Ein stad skal grensa gå, heiter det, og då kan nokre få hundre meter utgjera mykje. For i møte med Lånekassen er reglar reglar, og dei må følgast.

Ein stad skal grensa gå, heiter det, og då kan nokre få hundre meter utgjera mykje. I to år har skuleeleven me no skal møta prøvd å få bustipend, men forgjeves,trass i at resten av bygda har rett på pengar.

I to år har skuleeleven Guro Vangen Førde prøvd å få bustipend, men forgjeves, trass i at resten av bygda har rett på pengar.

– Eg synest at det er urettvist. Eg skjønar at det må vere ei grense, men i distrikta, og når vi snakkar om så små avstandar, så må det vere mogleg å bruke skjønn, seier Vangen Førde.

Vangen Førde bur i bygda Førde i Jølster, men går på skule i nabokommunen Gloppen. Fordi ho bur for nært skulen, går ho glipp av 40 000 kroner i året.

Viktige meter

Fattige 300 meter skil ho frå å kunne få bustipend. Berre nokre hundre meter legner borte bur naboane som kunne fått bustipend. Sjølv har ho kjempa i to år for at lånekassen skal bruke skjønn.

– I grenda vår er det seks-sju hus. Hadde naboen min søkt om stipend, så hadde dei nok fått. Problemet mitt er at eg kjem akkurat utanfor, og med så små marginar blir det veldig irriterande, seier Vangen Førde.

Ho har klaga til lånekassen. Ho har sendt kopi av timeplanen til skulen, og sjølv rekna ut at ho i snitt brukar to timar og 35 minutt kvar dag i reisetid. Men det vart ikkje godtatt.

Bur for nært skulen - får ikkje støtte

Kan splitte bygder

Då NRK køyrde vegen frå heimgarden, fekk vi 39,7 kilometer på triptellaren. Lånekassen meiner avstaneden er 39,07 kilometer. For å få stipend, må avstanden vere minst 40 kilometer frå skulen.

Hallgeir Hansen, rektor Firda Vgs

VIL HA MEIR FLEKSIBILITET: Hallgeir Hansen er rektor ved Firda vidaregåande i Gloppen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rektor Hallgeir Hansen trur reglane kan splitte fleire bygder rundt om i Norge.

– Dette kan nok fungere i ein by, der bussane går kontinuerleg. Men ikkje i distrikta fungerer det ikkje. Der må ein ha større fleksibilitet, slik at ein tilpasse det til lokale forhold, seier Hansen.

Reglar er reglar

I Lånekassen er dei kjende med problemstillinga, men må halde seg til regelverket.

Torleif Einarsen

Torleif Einarsen er seniorrådgjevar i Lånekassen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Reglar har ei absolutt grense. Då vil du få nokre som bur rett på utsida, og nokre som bur rett på innsida. Det må vi berre leve med, seier seniorrådgjevar Torleif Einarsen i Lånekassen.

Håpar på fleksibilitet

Guro Vangen Førde går drama. Det betyr at ho må vere mykje på skulen, også på kveldstid. Då går det ingen bussar, og ho er avhengig av å bu på hybel.

– Eg har ikkje lyst til å gi meg. No er det eg som er i denne situasjonen, og eg veit kor kjipt det er. Om eg kan hjelpe andre frå å hamne i same situasjon, så hadde det vore fint.