Hopp til innhold

Buplikt kan ende med skilsmisse

Eit ektepar frå Stryn vurderer å måtte å ta ut separasjon for å unngå buplikta på eit gardsbruk familien eig.

Ekteparet Frøholm
Foto: Vegar Erstad / NRK

– Dette er vår siste desperate utveg, seier Olga J. Eikenæs Frøholm og ektemannen Roger Frøholm til Fjordingen.

Vil ikkje flytte

Ein årelang strid om buplikt ligg bak trugsmålet. Roger Frøholm arva eit gardsbruk i Olden i 2004, men familien vil ikkje forlate huset sitt i Stryn for å flytte til det meir utdaterte huset på garden på Eide i nabobygda Olden.

– Å selje huset i Stryn og byggje nytt i Olden er heilt uaktuelt, seier ekteparet som har to søner på ni og 15 år.

Familien får ikkje ytterlegare fritak frå buplikta, og Frøholm tok saka rettens veg. Der tapte familien mot Fylkesmannen si landbruksavdeling, og har no anka til lagmannsretten der saka kjem opp 25. august.

Har separasjonspapira klare

Blir dommen frå tingretten ståande, ser ikkje ekteparet anna råd enn å ta ut separasjon. Forskrift om folkeregistrering krev nemleg at ektepar må ha same bustadadresse for å oppfølgje buplikta som i dette tilfellet er på fem år.

– Roger og eg har vore i saman i 25 år og eg skal kunne vente på han i fem år, seier Olga til Fjordingen.

Ho har alt vore på kommunehuset i Stryn og henta separasjonspapira.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gardsbruk på Eide i Olden

GARDEN: Dette bruket på Eide i Olden har fem års buplikt.

Foto: Harald Vartdal, Fjordingen

Stått tomt sidan 1995

Stridens kjerne er eit bruk på 34 mål innmark. Det har stått tomt sidan Roger Frøholm sin onkel døydde i 1995. Bruket vart då overdrege til Frøholm sin far, som fekk innvilga fire års fritak frå buplikta. I 2004 overtok sonen gardsbruket og fekk eitt års fritak frå buplikta.

– Meininga var at eg skulle flytte dit i 2005. Men først fekk eg utarbeidd ein økonomisk rapport om drivverdigheita av garden. Den slo fast at nødvendige investeringar i bustadhus og låve ikkje let seg forsvare med 20-24 sauer, seier Frøholm til Fjordingen.

Dette saman med eigne helseplager førte til at han konkluderte med at det beste var om naboen heldt fram å slå innmarka, og at bruket vart ståande tomt.

Set si lit til lagmannsretten

– Vi har tru på at lagmannsretten opphevar buplikta, seier gardeigaren som er villig til å gå heilt til høgsterett om nødvendig.

Får ikkje ekteparet fritak frå buplikta i rettsvesenet, ser dei føre seg å ta ut separasjon. I så fall blir Olga buande i huset i Stryn, mens den fråseparerte ektemannen bur på gardsbruket.

Etter eitt års separasjon må ekteparet i teorien ta ut skilsmisse i fire år, før buplikta er oppfylt.

Forstår reaksjonen

Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva (Ap) har forståing for at ekteparet Frøholm reagerer, men seier både Stryn kommune og fylkesmannen si landbruksavdeling er sett til å forvalte eit regelverk.

Saka har vore behandla både i kommunen og fylkeslandbruksstyret, som hadde det endelege ordet i saka.

- Denne garden er av ein slik storleik at overtaking utløyser bu- og driveplikta, seier Støyva.

Kan skilje frå utmarka

Støyva seier også at det i saksutgreiinga til kommunen var skissert ei løysing der ekteparet kunne skilje ut husa og ei relativt stor tomt på garden. I tillegg er det ein bratte utmarksteigar på garden.

- Det ville ikkje utløyse bu- og driveplikta. Men det var ikkje interessant for vedkommande å skilje frå, seier han.