Hopp til innhold

Bulka politibil - stakk av

Då føraren av ein bil utan skilt vart stogga av politiet, og korkje kunne vise til papir eller fortelje kva han heitte, fann han det lurt å stikke av.

Erik Skjerdal ved Luster lennsmannskontor patruljerte gatene i Sogndal onsdag kveld, då han oppdaga ein bil utan skilt. Han følgde etter, og stogga bilen, melder firda.no.

Korkje papir eller namn

Føraren, ein mann i 20-åra frå Kaupanger, og kompanjongen i passasjersetet, ønskte ikkje å fortelje kva dei heitte, og dei hadde heller ingen papir å vise til.

- Eg ville kontrollere både bilen, og føraren, seier Skjerdal. I staden fann han ut at det var lurare å stikke av. Han sette bilen i gir, sneia inn i sida på den sivile tenestebilen og knuste ei baklykt og la på veg mot brua, held Skjerdal fram.

Vill biljakt

Politibetjent Skjerdal heiv seg etter mannen, og vart vitne til ekte villmannskøyring i Sogndal sentrum.

- Bilen køyrde på feil side av midtrabatten - i motgåande køyrefelt. Deretter drog dei i full fart over Loftesnesbrua. Fem hundre meter frå brua, på andre sida køyrde dei av vegen, og inn i ein jorddunge ved Loftesnes Hytter.

Ga seg ikkje

Bilklientellet ga seg ikkje, sjølv om bilen var godt parkert i jorddungen. Dei la på sprang. Då politibetjent Skjerdal kom til åstaden for utkøyringa, saman med ein uniformert kollega hadde fleire skodelystne Sogndølar fått godt med seg kvar personane hadde teke vegen.

Då politiet fann at mannen blæs han raudt på promilletesten, og vart sendt avstades for å ta blodprøve. Etterpå vart han teken til arrest og avhøyr. Her vedgjekk mannen å ha stole bilen i Kaupanger tidlegare.

Ei bråte med lovbrot

Føraren er ikkje ukjend for politiet, og kan etter den ville politijakta er føraren mistenkt for følgjande lovbrot:

Promillekøyring, biltjuveri, å stikke av frå politiet, skading av tenestebil, å køyre på feil side av midtrabatten, å køyre uregistrert bil, å køyre utan førarkort. Mannen har òg erkjent bruk av narkotika den siste tida.

Kor vidt onsdagens biltjuveri i Kaupanger har samanheng med andre biltjuveri i Sogn siste tida, ønskjer ikkje politiet å uttale seg om.

Passasjeren er ikkje mistenkt for biltjuveriet.