Hopp til innhold

Her slår han løyperekorden med to minutt

FØRDE (NRK): Johan Bugge knuste alle i herreklassen i motbakkeløpet Førde Opp på tida 25,06, og sette dermed ny løyperekord. Jølster-jenta Eli Anne Dvergsdal la damefeltet bak seg og vart klokka inn på 31,13.

Johan Bugge

SUSTE I MÅL: Johan Bugge knuste all motstand og kom først i mål.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Eg er litt sliten, men eg er veldig nøgd. Eg tykte eg sprang godt heile vegen, seier Bugge, som spring for Eidsvåg IL.

Med tida si i dag, knuste han den førre løyperekorden med fleire minutt.

Sjølv om han sprang godt heile vegen, legg han ikkje skjul på at vêret ikkje akkurat løfta stemninga.

– Det var friskt. Men det er ikkje noko problem når ein først kjem i gang. Då er det heilt greitt, seier Bugge, som har fleire gode løp bak seg.

Andre løyperekorden på tre veker

Mellom anna vann han den 13. utgåva av Fannaråken Opp og sette også der ny løyperekord.

Han legg til at å førebu seg godt er viktig.

– Det er viktig å sove godt dagen før og ikkje bruke for mykje energi. Før løpet tek eg det heilt piano og gjer minst mogleg, seier Bugge.

Eli Anne Dvergsdal

KLAR: Eli Anne Dvergsdal suste inn til siger i dameklassen i Førde Opp. I morgon stiller ho til start på Eggenipa.

Foto: Line Eilevstjønn Omland / NRK

Tykte vêret var perfekt

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster sprang galant inn til siger i dameklassen.

– Det gjekk veldig lett i dag. Eg har hatt mange konkurransar i år, men eg hadde frihelg førre helg, så overskotet var på plass og då fungerte det godt, seier Eli Anne Dvergsdal.

At det var kaldt og vått, brydde ikkje Jølster-jenta.

– Dette er det vêret eg likar best å springe i, så det var perfekt. Det er ikkje for varmt og ikkje for kaldt, strålar Dvergsdal.

Og viss du trur Dvergsdal skal slappe av resten av helga, tek du feil. Ho stiller nemleg til start på motbakkeløpet Eggenipa opp i Gloppen i morgon.

– Målet er å få ein fin fjelltur og nyte utsikta på toppen, ler Dvergsdal.

– Nesten deltakarrekord

– Det mangla sju stykk på at det vart deltakarrekord i årets Førde Opp. 1697 er talet i år, og altså nesten like mange som det litt hysteriske førsteåret då alle skulle prøve den nye bystien, og dei nye trappene i 2012, skriv arrangørane av Førde Opp i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

Det var spesielt mange skuleelevar frå Førde og Naustdal som tok turen til toppen. Desse fekk delta gratis, og frå skulane i Førde og Naustdal barne- og ungdomsskule var det 626 elevar som var med. Dette er ifølgje arrangørane 43 fleire enn toppåret 2013.