Hopp til innhold

Budsjettsprekk for gondolbana i Loen

Gondolbana Hoven Loen blir 65 millionar kroner dyrare enn først planlagd. Direktør Richard Grov seier at prosjektet er fullfinansiert og forsikrar om at dei er i rute.

På pynten

KOSTBART: Gondolbana Hoven Loen blir 65 millionar kroner dyrare enn først planlagd.

Foto: Arkitekt Tore Geir Aaland og siv. ing. Eva Eide Koefoed / Teikning

Den planlagde gondolbana i Loen hadde ei budsjettramme på 202,5 millionar kroner, men nye berekningar viser at turistattraksjonen blir langt dyrare enn planlagd.

Det er no venta at bana blir 65 millionar kroner dyrare enn dei hadde trudd, og får ein totalkostnad på 267,5 millionar kroner.

– Det har blitt nokre fleire kostnadar. Vi har hatt pålegg frå Vegvesenet, vi har fått auka utgifter frå energiverket, vi har blitt pålagd bygging av veg. Der er ein del utgifter som var vanskeleg å føresjå til å begynne med, fortel styreleiar Leif Ragnar Riksheim i Hoven Loen AS.

– Fullfinansiert

Richard Grov

FULLFINANSIERT: Richard Grov seier at det budsjettsprekken ikkje vil ha konsekvensar for prosjektet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ei rekke aksjonærar står bak bygginga av gondolbana. Styret har no kalla inn til ei generalforsamling 12. desember der dei vil informere om dei vidare planane for prosjektet.

Direktør for Hoven Loen, Richard Grov, avdramatiserer situasjonen, og seier at budsjettsprekken ikkje vil ha konsekvensar for bygningsplanane og at finansieringa er i orden.

– Vi er fullfinansiert, og vi byggar no meir, større, og med meir volum. Dette er jo ei investering, og det produktet som vi leverer ferdig i mai neste år er verdt meir enn det vi hadde planlagd opphavleg, seier han.

Ikkje bekymra

Sven Flo

STRYN: Ordførar Sven Flo er ikkje bekymra.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stryn kommune er ein av dei største aksjonærane i Hoven Loen AS, og eig 19,17 prosent av prosjektet.

Ordførar Sven Flo er ikkje bekymra over at prosjektet blir 65 millionar kroner dyrare enn først venta.

– Overhovudet ikkje. Vi veit at dette er snakk om å ferdigstille og få alt fullstendig på plass, og det vil alltid vere fornuftig i eit prosjekt. Det er veldig, veldig positivt. Ting er fullfinansiert og vi ser fram til opninga.

Flo set likevel pris på at det no blir kalla inn til ei generalforsamling.

– Då får vi som eigarar ei oppdatering på alt av informasjon om prosjektet. Så er vi kjent med at hovudgrunnen er at ein ønskjer å få totaliteten i prosjektet og slik sett er det ein ganske fornuftig tanke, meiner han.