Hopp til innhold

Budsjettjubel ved Høgskulen

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane jublar dei over regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett for 2013.

Leiinga Høgskulen

NØGDE: Viserektor Erik Kyrkjebø, økonomidirektør Jørund Hage, styreleiar Heidi Kathrin Osland og personaldirektør Wenche Fjørtoft er nøgde med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2013.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Høgskulen i fylket får pengar til å vidareføre dei 22 studieplassane som vart oppretta i fjor.

I tillegg får dei 362.000 kroner til investering i vitskapeleg utstyr, og 5,4 millionar kroner i husleigekompensasjon for det nye sentralbygget.

– Hovudinntrykket er at det er positivt. Vi ser vi stort sett har fått pengar og det nivået vi skal ha i råma, konstaterer personal Wenche Fjørtoft.

Mindre til husleige

Høgskulen får også ti millionar kroner til fullføring av Campus-prosjektet.

– Så ser vi at det kanskje ikkje ligg inne så stor husleigeauke som vi venta for Høgskulebygget, seier Fjørtoft og legg til at dette er midlar dei dermed må dekke innanfor drifta.

– Vi må jo betale den husleiga som er avtalt og det må vi dekke innanfor vårt driftsbudsjett. seier Fjørtoft.

Kuttar stipendiatstilling

I framlegget ligg det inne kutt på kring ei stipendiatstilling.

Dette er noko viserektor for forsking og utvikling, Erik Kyrkjebø, tykkjer er dumt.

– Vi skulle gjerne hatt auke i tal stipendiatstillingar som er utruleg viktig forskingsutdanningsstilling for Høgskulen. No ser vi reduksjon i dei stillingane vi har. Det håpar vi å kompensere ved å ta inn inntekter frå forskingsråd og andre kjelder. Vi ser det blir endå viktigare gå ut og få inn midlar eksternt, seier han.

Meir til utstyr

Samstundes føreslår regjeringa å styrke teknologi- og ingeniørmiljøa. Dei føreslår ei eingongsløyving på 362.000 kroner til investering i vitskapeleg utstyr.

– Det er starta ei ny utdanning innan elkraft, energi og miljø ved ingeniørutdanninga i Førde. Samstundes er det ei automasjonslinje der. Begge treng oppgradering av utstyr og no er det eit fellesløft i sektoren for å få det på plass, seier Kyrkjebø nøgd.

Håpar på fleire bustader

Regjeringa går inn for å løyve 250 millionar til om lag 1000 nye studentbustader neste år. I oktober startar søknadsrunden for dei ulike høgskulane om midlar for 2013.

Styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi Kathrin Osland, meiner det er heilt naudsynt ein får meir midlar til nye bustader snarast for å avhjelpe hybelkrisa i Sogndal.

– Vi har fått ein auke på i underkant av ni prosent og det er veldig positivt. Samstundes er det dette med forsking som vi må få auka på litt sikt. Dette med fleire bustader for studentar er viktig, og no er det sett av midlar til 1.000 nye og då håpar eg vi får vår del av desse, seier ho.