Hopp til innhold

Budsjettet rett i retur

Fylkesmannen kan ikkje godta at underskot ikkje er dekka inn, seier økonomirådgjevar.

Formannskapet i Vågsøy
Foto: Håkon Eltvik

Fylkesmannen sender mest sannsynlig Vågsøybudsjettet i retur på nyåret. Rådgjevar Kåre Træen hos fylkesmannen trur det blir vanskeleg å godkjenne budsjettet.

Må gå nye runder

- Slik som eg kjenner saka må kommunen spare inn underskotet etter Tall Ships Races i rekneskapen for 2008, klarar dei ikkje dette, må innsparinga skje dei neste to åra. Men her er det snakk om store summar, og då er det vanskeleg å godkjenne budsjettet, seier rådgjevaren.

Det betyr at politikarane mest truleg må gå nye rundar med budsjettet for å tilfredstille krava til fylkesmannen. Då må dei også på nytt vurdere forslget til ordførar Roger B. Silden. Han ville legge ned to skular og innføre eigedomsskatt.

Så det var knytt stor spenning til det store kuttmøtet i måndag ettermiddag.

Store minustal

For det vert korkje skulenedlegging eller innføring av eigedomsavgift som skal få Vågsøy ut av den økonomiske krisa kommunen befinn seg i.

Med eit driftsunderskot på 12 millionar kroner i år, i tillegg til ein baksmell på 13 millionar kroner etter segleskutefesten Tall Ships Races må kommunen spare.

Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 røyster at administrasjonen skal finne frie midlar i budsjettet til å dekke inn underskotet.

Vågsøyordførar Roger B. Silden ville det annleis. Han meinte budsjettforslaget var ein parodi . For han gjekk inn for å innføre eigedomsskatt og gjekk for skulenedlegging.