Lastebil med blomster velta på Måløybrua – får ikkje berga den før onsdag

Tidlegast onsdag føremiddag kan berginga av den velta lastebilen starte.

Måløybrua

MÅLØYBRUA: Lastebilen var under slep over brua mellom Måløy og Deknepollen i Nordfjord.

Foto: NRK-TIPSAR

– Vi vil starte bergingsarbeidet tidlegast onsdag morgon når dagslyset kjem. Inntil då vil det vere manuell dirigering av trafikken, opplyser innsatsleiar i politiet, Morten Hagen, seint tysdag kveld.

Det er Mesta som har overteke dirigeringa etter politiet. Det bles framleis kraftig på brua, og det må framleis gjerast ei vurdering for kvart enkelt køyretøy som får køyre over.

Måtte evakuere fleire bilar

– Det er ein blomsterbil som har velta midt på brua. Bilen blir no sikra så han ikkje skal hamne i sjøen. Bilar på brua vert evakuerte. Det er kraftig vind med rundt 41 m/s i kasta, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Dag Inge Gjesdal, til NRK tysdag ettermiddag.

Det var fleire bilar på brua då uhellet skjedde. Politiet opplyser at lastebilen blei slept av ein bergingsbil.

Brannvesenet evakuerte andre bilar som og var på brua etter at ho var open ein kort periode.

– Ingen skal ha blitt skadde, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i politiet.

Set opp ekstrabåt

– Vinden må roe seg mykje før det blir gjort forsøk på berging, seier Gjesdal.

I 15-tida opplyser politiet at lastebilen er flytta litt, slik at det er mogeleg å passere for naudetatane. Tre timar seinare opplyser politiet at det er opna for manuell dirigering av trafikken forbi den velta lastebilen.

SJÅ VIDEO: Ein lastebil med blomster velta på Måløybrua.

Hadde motorproblem

Laila Utnes Piel hos Stårheim Bilverkstad, som eig bergingsbilen, fortel at sjåføren deira var på veg for å hente blomsterbilen som hadde fått motorproblem. Planen var å slepe den til Stryn der den skulle reparerast. Då NRK snakka med ho i 15t-tida hadde ho ikkje snakka med sjåføren.

– No har vi sendt ut ein mann med utstyr som skal feste lastebilen til rekkverket på brua, seier ho.

Måløybrua

SIKRA: Lastebilen er sikra slik at den ikkje skal blåse bort. Det er passering for naudetatane.

Foto: NRK-TIPSAR

Måtte avslutte skuledagen

Det bles no kraftig langs kysten. Utover lastebilvelten er det ikkje meldt om større skader, men innbyggjarar i Måløy sentrum fortel at det flyg takstein frå hustaka.

70–80 elevar ved Vågsøy ungdomsskule i Måløy er vindfaste på skulen.

Elevane kom aldri over brua før ho blei stengd av kraftig vind. Bussjåfør Jon Ivar Lote som skulle hente elevane i Måløy, kom til brua frå fastlandssida like etter ho stengde.

Må handle middag

Rektor Kåre Bakke må ut for å handle middagsmat til elevane.

– Nokre er hos vener og slekt, medan andre framleis er på skulen, seier han.

Nordfjordhallen i Deknepollen på fastlandssida, stengjer for all trening i dag på grunn av orkanvarsel, melder Kinn kommune. Og ferjesambandet Måløy-Oldeide er innstilt på grunn av dårleg vêr, melder Fjord1.

Stengt på Vikafjellet

Trafikkoperatør Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen seier fryktar uvêret vil stengje fjellovergangar utover ettermiddagen. I halv fire-tida tysdag er det berre Vikafjellet som er stengt.

– Frå ettermiddagen skal vinden auke. Då er det fare for at det kan bli kolonnekøyringar og stengde fjellovergangar.

Vegkamera på rv. 52 over Hemsedalsfjellet.

RV. 52: Slik ser det ut på Hemsedalsfjellet kl. 09:30 tysdag føremiddag.

Foto: Statens vegvesen

– Så sterke vindkast kan føre til kansellerte avgangar på båtar, ferjer og fly. Og bruer og fjellovergangar kan verte stengde. Det er ganske sterk vind som er venta, åtvarar statsmeteorolog Steinar Skare.

Høge bølgjer

Lågtrykka fører til høge bølgjer inn mot kysten i dagane som kjem, spesielt frå Stad og nordover. Onsdag kveld toppar det seg med 14 meter høge bølger utanfor Trøndelag.

Meteorologisk institutt har nemleg sendt ut gult farevarsel om kraftige vindkast frå sørleg retning i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Tysdag ettermiddag og kveld skal det blåse orkan ved Stad, men også innover i landet og i fjellet vil det blåse omtrent like kraftig.

– Vinden skal auke til sterk sørleg kuling utsette stader, liten storm ved Stad. I ettermiddag aukar vinden til sørleg full storm utsette stader og orkan ved Stad. Vi ventar vindkast opp i 30–35 m/s utsette stader. Det er der sønnavinden tar som vil få dei sterkaste vindkasta, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Kan få ny orkan onsdag

Tysse ved Vegtrafikksentralen seier at den kraftige vinden kombinert med snøen som ligg i fjellet, kan føre til utfordringar sjølv om det ikkje kjem nedbør.

– Der det ligg snø kan det bli snøfokk. Det er gale nok, og vegen kan ikkje haldast open for fri ferdsel.

Også i morgon er det venta meir uver, for då kjem eit nytt lågtrykk med eit stormsenter.

– Vi får kanskje ein ny omgang med orkan ved Stad i morgon ettermiddag og kveld. Då vil det vere frå søraustleg retning og det vil vere kraftig pålandsvind i morgon også og bygevêr. Det er nok nord for Stad som får det verst i morgon, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Laster Twitter-innhold

Innstilte ferje- og båtruter (oppdatert tysdag kl. 21.45):

  • Fv 48:Gjermundshavn – Varaldsøy Årsnes. Turar til Varaldsøy er innstilt på grunn av uvêr.
  • Fv 57: Leirvåg – Sløvåg over Fensfjorden. Vert ikkje opna i dag.
  • Fv 568: Fedje – Sævrøy. Vert ikkje opna i dag.
  • Fv 616: Måløy – Oldeide innstilt inntil vidare.
  • Fv 5591: Daløy – Haldorsneset i Solund. Vert ikkje opna i dag.
  • Norled har innstilt nord- og sørgåande ekspressbåt mellom Selje og Bergen i dag. Det same gjeld morgonruta frå Selje til Bergen onsdag. Også avgangane i morgon klokka 08 frå Bergen og 15.20 frå Selje kan verte innstilte. Det verg gjort ny vurdering i morgon tidleg.
  • Båtruta Nordhordlandsruten er innstilt resten av dagen.
  • Lokalbåtruta i Solund og Gulen sløyfar turane til Nåra kl. 17.55 og frå Nåra klokka 18.30.
  • Vinden fører og til innstilte avgangar og ruteendringar for båtane i Florabasset. Sjå fjord1.no.
  • Austevollsruta er innstilt.

Fjellovergangar i Sør-Noreg (oppdatert tysdag kl. 23.00):

  • E16 Filefjell: Vekslande bart, snø- og isdekke. Fri ferdsel.
  • E134 Haukelifjell: Snødekke. Fri ferdsel.
  • Rv 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengd.
  • Rv 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, tynn is og fare for glatte parti.
  • Fv. 50 Aurland – Hol: Redusert sikt. Kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 53 Årdal – Tyin: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering onsdag klokka 10.
Laster Twitter-innhold