Hopp til innhold

Budde i telt heile sommaren

BØDALSSANDEN (NRK): Åse Evebø har budd heile sommaren i telt på Bødalssanden ved Lovatnet. I tre månadar har ho hatt sin leirplass der. Sjå ho i Norge Rundt.

 Åse Evebø bur i telt heile sommaren. Ho brukar mykje av det ho finn i naturen rundt seg til å ete.

Video: Sjå korleis Åse Evebø levde i Lodalen. Foto/red: Heidi Lise Bakke

– Det er ikkje noko stress i naturen. Det er veldig stille og fredeleg, berre nokre få turistar og padlarar som reiser forbi, fortel Evebø.

I eit lite grønt telt ved sidan av nokre naust under det berømte, berykta og frykta Ramnefjellet budde Evebø heile sommaren. Det gjorde ho også i fjor sommar. Det var Fjordingen som først fortalde om 57- åringen, som teltar på Bødalssanden.

Livnærer seg på fiske og fangst

Åse Evebø bur heile sommaren i telt

CAMPAR: Åse Evebø bur i telt heile sommaren og syklar 8–9 kilometer for å kome seg på jobb.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Evebø skubbar kanoen frå land, tek ei åre og padlar i veg over vatnet. Ho har sett tre garn, som ho forhåpentlegvis skal hente fangst frå.

– Ein får mykje fin aure her, den største dei har teke i år var vel på 7,4 kilo, så det kan bli trongt i kanoen, fortel Evebø.

Med seg i kanoen har ho steinar som ho kastar i nærleiken av garna for å få heilt fersk fisk til å sette seg fast. Evebø klarar seg nesten på det ho finn og fangar i naturen.

– Eg plukkar det eg finn av krydder, både ramslauk, oregano og geitrams hamnar ofte på tallerkenen. Det veks rett rundt oss, og det er det same vi betalar for butikken og då vil eg heller plukke det, fortel ho.

Åse Evebø
Foto: Harld Kolseth / NRK

Men det er ikkje til å kome vekk ifrå at det vert mykje fisk i det daglege kosthaldet. Resultatet av dagens fisketuren vart nesten 30 fisk, som er gjort klar for steikepanna.

– Det går ikkje så fort når ein har ein primus og ei lite steikepanne. Eg har ikkje så mykje besøk her i teltet mitt til vanleg, seier Evebø.

Rår andre til å telte

I teltet har den tidlegare bre- og fjellføraren eit liggeunderlag, ein sovepose, ei kasse med kle og ei kasse med litt mat. Sjølv om det har vore ein våt og kald sommar, klagar ikkje Evebø.

– Dei to fyrste vekene eg var her var det nysnø på toppane, men det er berre å kle seg godt. Skulle det vere skikkeleg regnvêr set eg meg berre i teltet og fyrar på primusen, så vert det vart og godt, fortel ho.

Evebø rår alle som har moglegheita til å sette opp eit telt på ei mark om å gjere det.

– Berre ein får nokre dagar samanhengande i telt, så senkar roa seg i kroppen. Eg trur det gjere godt for både kropp og sjel, seier ho.

Kanskje kjem ho att til neste år og.

Sjå Norge Rundt fredag 11.september kl.19.30 på NRK 1.