Hopp til innhold

Budd på sterkt gjensyn med Utøya

For første gong sidan terroråtaket mot AUF-leiren, deltok Torbjørn Vereide fredag i det offentlege bilete. Laurdag er det duka for gjensyn med Utøya.

Torbjørn Vereide held appell under Sandanedagane.

NAUDSYNT: – Det blir vanskeleg, men naudsynt, å kome attende til Utøa, meiner Torbjørn Vereide som fredag var med på å opne årets Sandanedagar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Torbjørn Vereide frå Sandane var mellom dei heldige som kom frå skotdramaet på Utøya med livet i behald.

Det gjorde ikkje 69 av AUF-kollegaene hans. Glopparen reiste fredag rett frå appell under Sandanedagane, attende til Utøya.

– Det blir veldig vanskeleg, men samstundes veldig viktig. Eg føler at eg treng å sjå Utøya slik den skulle vere og slik den burde vere. Nemlig ei Utøy der visjonar og idear blir spreidde, og tankar for framtida. Og ikkje ei øy der det skjedde noko grusomt på ein dag, seier han.

– Sterkt, men naudsynt

Fredag var mange av familiane til dei omkomne attende på Utøya, der AUF hadde sommarleir 22. juli. Laurdag skal overlevande og familiane deira få gå i land på øya der så mange av framtidas politikarar mista livet.

For Vereide blir det eit sterkt, men naudsynt, gjensyn med øya der han og fire partifeller frå fylket var. Fylkesleiaren i AUF i Sogn og Fjordane, Hanne Kristine Fridthun, omkom i massakren.

– Eg har vore der før, og har mange gode minner frå Utøya. Eg håpar å gjenvinne litt av dei minna, og ikkje berre ha minna frå då vi låg i vatnet, og sprang frå kulene, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Torbjørn Vereide er komme heim til Sandane

Heldt appell

Under opninga av Sandanedagane heldt AUF'aren appell. Ein appell om å ta kvardagen tilbake etter terroråtaka mot Utøya og Regjeringskvartalet.

For Vereide var dette første offentlege opptreden sidan tragedien.

– Det er veldig spesielt. Her er også mange eg kjenner både personleg og politisk. Kjenslemessig er det veldig blanda å stå her og halde appell om Utøya, seier han.

Ska gå saman vidare

Sigmund Vereide

I GANG: Dei politiske bodene er på plass på Sandane. pappa Sigmund Vereide plasserer AUF-flagga godt synleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sjølv om det er ei veldig trist historie og tragisk utgangspunkt, så føler eg at eg har ei positiv stemning å formidle. Vi er blitt sjokkert saman og vi har grete saman, og no føler eg at vi skal passe på at vi skal gå vidare saman, seier han.

Samstundes vart det også samla inn midlar til oppbygging av Utøya. Vereide vonar at det norske folk kan klare å kome attende til kvardagen. I valkampen også attende til den politiske kvardagen.

– Tillate optimisme

– Vi må klare å komme oss tilbake. Det er ikkje lett, men naudsynt. Vi må tillate optimismen å komme tilbake, seier han.

Sjølv er han uviss på når han sjølv er attende i valkampen, men han håpar å vere attende før avgjerda fell 12. september. Han tykkjer det er godt å sjå at dei politiske standane er attende med «politikarar som lurer til seg ungdomen med godteri».

– Det er viktig at vi finn ein felles plattform om kva som er greitt å bruke og kva retorikk vi ikkje skal bruke i valkampen. Eg trur vi no sakte men sikkert vil finne attende til den vanlege debatten, seier han.