Bubilseljar tiltalt for grovt underslag

Ein mann i 40-åra er tiltalt for grovt underslag i samband med sal av bubilar i Sogn og Fjordane. Mannen skal ifølgje tiltalen ha tileigna seg åtte millionar kroner på ulovleg måte, men skal ha betalt tilbake store delar av beløpet.

Bobiler i Lillesand

Ein mann i 40-åra frå fylket er tiltalt for grovt underslag i samband med sal av bubilar. Forholdet har ei strafferamme på seks år. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Kari Løberg Skaar / NRK

Ifølgje tiltalen har mannen selt ei rekkje bubilar der han har stukke heile eller delar av beløpet i eiga lomme. Den samla summen han skal ha svindla til seg er på i overkant av åtte millionar kroner. Sju av millionane skal han ha svindla til seg frå den tidlegare arbeidsgjevaren sin. Den siste millionen skal vere frå to privatpersonar som kjøpte bubil hos tiltalte.

Krevjande etterforsking

Politiadvokat Magnus Engh Juel fortel at etterforskinga har vore krevjande.

– Slik vi ser det, har vi avdekt fire forfalska kjøpskontraktar. Dette er gjort for å lure arbeidsgjevaren og gjere det vanskeleg å oppdage forholdet. Dette er berre ein av metodane vi meiner tiltalte har brukt for å prøve å dekkje over det han har gjort. Etterforskinga har vore krevjande, seier han.

Magnus Engh Juel - politijurist sogn og fjordane

Tiltalde har forfalska fleire kjøpskontraktar i samband med sal av bubilar, hevdar politiadvokat Magnus Engh Juel.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Har betalt mykje tilbake

Tre av dei totalt åtte millionane blir sett på som urettmessig kreditt, eit beløp tiltalte skal ha betalt tilbake før politietterforskinga starta. Mannen skal også ha betalt tilbake store delar av dei resterande fem millionane

Engh Juel stadfestar at tiltalte har betalt tilbake store delar av det samla beløpet, men vil ikkje vere presis på kor mykje det er.

– Eg vil vere forsiktig med å kome med nøyaktig sum fordi vi ventar på erstatningskrav frå dei fornærma. Ein stor del av totalbeløpet er betalt tilbake, men det er framleis slik at ein vesentleg del av beløpet ikkje er oppgjort.

Det er vel formildande at han har betalt tilbake store delar av beløpet?

– Det er noko retten må vurdere når eventuell straff skal utmålast.

Strafferamme på seks års fengsel

Engh Juel fortel at forholdet blir definert som grovt underslag og at strafferamma er seks års fengsel.

NRK har vore i kontakt både med den tiltalte og forsvararen hans, men ingen av dei ønskjer å kommentere saka. Advokaten viser til at dette er ei omfattande og komplisert sak og at han treng meir tid før han vil kommentere saka.

Planen er at rettssaka vil gå for retten i andre veka i desember.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.