Bubilar står i dagevis

Rasteplassen på Svidalsneset slit med campingturistar som fyller opp plassen, fleire dagar i strekk. For 15 millionar kroner gav Statens vegvesen rasteplassen eit nytt sanitærbygg og pussa opp området, som vart gjenopna i desember 2017. – Problemet med langtidsovernattingar har blitt så stort at Vegvesenet har sett seg nøydde til å setje opp eit mellombels camping forbode-skilt, seier Steinar Håvik i Statens vegvesen.

Rasteplassen på Svidalsneset
Foto: Oddleif Løset / NRK