Hopp til innhold

Bubil har kollidert med personbil på Gaularfjellet

Fem personar har vore involvert i ei trafikkulukke på fylkesveg 13 over Gaularfjellet i Balestrand kommune.

trafikkulukke

– Vi har fått melding om at det er fem personar involvert og at ein bubil har kollidert med ein personbil. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, men det er behov for bergingsbil, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Til Firda opplyser politiet at den eine bilen køyrde inn i den andre som stod parkert. Dei involverte vart tilsett av helsepersonell på staden.

Ulukka vart meldt like etter klokka 12.00.