NRK Meny

Bubil hamna utfor vegen

Ingen personar skal vere skadd i samband med at ein bubil har køyrd utfor vegen på E39 ved Allmenningen i Gloppen. Bilen hamna i grøfta inntil ein fjellvegg og var ikkje køyrbar etter hendinga. Politiet kan førebels ikkje slå fast kva som var årsaka til hendinga, men har oppretta sak. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.