NRK Meny
Normal

Bu deg på lange stengingar

På kvardagane blir Kvernhaugtunnelen i Høyanger stengt frå midnatt til 05:30, i minst ei veke.

Kvernhaugtunnelen i Høyanger

BETONG: Som ledd i sikringsarbeidet skal heile tunnelen dekkast med ny betong, noko som tek tid.

Foto: Statens vegvesen

– I første omgang planlegg vi ei veke med nattarbeid, men vi treng i alt tre veker på å fullføre arbeidet i tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland.

Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen

TIDKREVJANDE: Minusgrader kan på ny sette ein stoggar for arbeidet, så kor mykje som blir gjort i denne omgang er ikkje bestemt enno, seier Sveinung Hovland i vegvesenet.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Arbeidet med tunnelen på fylkesveg 55 skulle ha skjedd tidlegare i vinter, men låge temperaturar sette ein stoggar for det, men no prøver vegvesenet på ny. Tunnelveggane skal dekkast av betong, noko som krev lang tørketid, skriv dei i ei pressemelding.

Arbeidet startast kvar dag klokka 20:00, og opningstidene er tilpassa bussrutene, og gjennomkøyringane skjer omtrent:

Frå Høyangersida: 20:30, 22:10, 22:40 og 00:00.

Frå Vadheimsida: 20:20, 21:30, 22:30 og 23:45.

– Vi kan ikkje ha trafikk gjennom tunnelen i dei timane, med unntak av reine utrykkingsoppdrag. På dagtid blir det fri ferdsel gjennom tunnelen. Frå fredag kveld til måndag morgon er det også ope, seier Hovland.

Om alt arbeidet blir gjort no eller om noko må takast att seinare er vêravhengig.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.