Hopp til innhold

Sender OBS-varsel - bu deg på kraftig vind

Torsdag morgon og formiddag er det venta sterk vind på kysten og utsette stader i Sogn og Fjordane.

Kråkenes

VENTAR MYKJE VIND: Det blir kraftig vind langs kysten av Sogn og Fjordane i dag.

Foto: Torfinn Kråkenes

Vervarslinga har sendt OBS-varsel om den sterke vinden. I morgontimane og i føremiddag er det venta sør-søraust liten storm på kysten og i fjellet i sør. Det er venta vindkast på omkring 15–20 m/s i innlandet.

Statsmeteorolog Martin Granerød ved vervarslinga på Vestlandet seier eit høgtrykk som har lege over kontinentet dei siste vekene, blir liggjande stille.

– Det betyr lågtrykksaktivet i våre område. Så i dag kan vi vente søraustleg opp i full storm utsette stader først på dagen. Etterkvart vil det byrje å regne, seier han.

Ventar høg vasstand

På strekningen Fedje til Stad er det risiko for høg vasstand, estimert til om lag 50 centimeter over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane.

Frå i ettermiddag blir det sørvestleg opp i stiv kuling, sterk kuling ved Stad. Det blir regn- og haglbyger. Nedbøren kjem som snø over 300–600 meter.

– Vi må ikkje bli overraska om det blir torever i kveld, seier han.

Orkan i kasta på Gullfaks C

Ein av dei som merkar den kraftige vinden er Øystein Blom frå Sogndal. Har jobbar på Gullfaks C og sit i lufttrafikksenteret som har kontrollen over helikoptertrafikken.

– Vi har sterk storm og orkan i kasta. Det har vi hatt dei siste timane. Det skal vare ei stund til før det gir seg i løpet av føremiddagen. Vi merkar at det er vibrasjonar og høyrer det bles godt. Men plattforma står godt, seier han.

Når det er så kraftig vind blir helikoptera ståande på land av omsyn til tryggleiken. Blom seier at dei som jobbar i Nordsjøen er vane med at det blir forseinkingar.

– Dette skjer av og til på grunn av vêret. Eg trur ikkje det blir større problem enn at folk blir litt forseinka i dag, seier Blom.

Slik var temperaturane i morgontimane:

  • Øvre Årdal: 9
  • Sognefjellet: -3
  • Sogndal: 3
  • Florø: 10
  • Førde: 10
  • Dale: 9
  • Høyanger: 10
  • Leirvik: 11
  • Eid: 8
  • Sandane: 10
  • Gullfaks C: 8