Ber folk ta inn båtar og trampoliner - no må du førebu deg på den første hauststormen

No rår meteorologane deg til å ta inn båten, trampolina og hagemøblane. For no kjem den første hauststormen durande inn frå vest.

Høststorm

NO KJEM HAUSTEN: Fredag og laurdag er det varsla kraftig vind frå vest og store nedbørsmengder.

Foto: Robert Malota

Den første hauststormen er no i anmarsj. Til helga er det venta mykje vind og nedbør mellom 50–100 millimeter kvar dag enkelte plassar. Statsmeteorologen ber folk førebu seg på vêret.

– Frå i morgon føremiddag byrjar det å bli dårleg vêr, men framleis ikkje like gale som på fredag. Det eg tilrår folk å gjere i dag og eventuelt i morgon tidleg er å sikre eigedelane sine, og eventuelt ta inn båtar, eventuelt ekstra fortøying. Ta inn hagemøblar og ta inn trampolinar, ta vekk løv som dekkjer til avløp, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved til NRK.

Og tykte du det har vore trasig haustvêr i dag, så har dagen i dag faktisk vore mykje betre enn det er venta spesielt fredag og laurdag. Då kjem den første hauststormen. Uvêret vil råke heile Vestlandet, men særleg Nord-Vestlandet og Trøndelag vil merke den varsla stormen.

Kraftige vindar og nedbør

– Fredagen byrjar uveret verkeleg å kome inn. Vi får sørleg sterk kuling og periodevis liten storm natt til fredag. På fredag morgon dreier det vestleg og sørvest. Når vinden dreier mot vest med så kraftig vind, så er det mange folk som vanlegvis ikkje opplever så mykje vind som vil merke dette, seier Valved.

– Kan det vere aktuelt å gå ut med varsel om ekstremvêr?

– Det er ikkje ekstremvêr førebels. Det er venta regn og regnbyger, og lokalt mykje nedbør. Både fredag og laurdag kan det kome over 50 millimeter, og kanskje opp imot 100 millimeter enkelte stader. Her er det store nedbørsmengder det er snakk om.

Fare for snø i fjellet

Vinden vil truleg løye ut over laurdagen, men framleis med kuling frå vest. Vêrvarslinga på Vestlandet fortel også at det kan bli snø om ein kjem høgt nok til fjells, og at bilistane må vere budde på vanskelege køyretilhøve.

– Det er eit nokså stort og stabilt lågtrykk som kjem inn, og det er i alle fall den første hauststormen, slår Aslaug Skålevik Valved fast.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.