Hopp til innhold

BT: Trekkjer seg som teatersjef i Hordaland etter alvorleg konflikt

Åtte månader etter at Terje Lyngstad flytta til Bergen for få Hordaland Teater på rett kurs, er jølstringen på veg ut dørene att.

Terje Lyngstad

TREKKJER SEG: Terje Lyngstad vart sett på som Hordaland Teater sin redningsmann då han vart tilsett i 2015. No har han trekt seg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er Bergens Tidende som i dag melder at Terje Lyngstad sluttar i stillinga som teatersjef ved Hordaland Teater.

Tidlegare denne veka slutta også styreleiar Birthe Eriksen.

Ifølgje avisa skal det ha vore ein pågåande konflikt mellom Lyngstad som teatersjef, og direktør Atle Marøen og styreleiar Eriksen. Avisa skriv at det i tillegg til dårleg personkjemi, skal ha vore strid om to-leiarmodellen for teateret. BT erfarer at Lyngstad skal ha kjend seg overkøyrd.

Sjølv om styret i teateret har bede Lyngstad om å bli i stillinga, med fullt leiaransvar, vil ikkje jølstringen halde fram i sjefsstillinga.

Lyngstad er for tida sjukemeld og seier til Bergens Tidende at han ikkje ynskjer å uttale seg offentleg før saka er konkludert.

Jon Fosse, som er ein viktig samarbeidspartnar for teateret, er derimot klar i sin tale.

– Terje Lyngstad må halde fram, og helst med Dag Rune Mo som styreleiar. Eg kjenner begge som gode folk. Det er forbaska dersom det skal ende slik, seier han til avisa.

Lyngstad var teatersjef i Sogn og Fjordane i 12 år, då han gav seg ved årsskiftet.