Hopp til innhold

BT vil leggje ned kontoret i Førde

Bergens Tidende står framfor store kutt dei neste åra. No varslar BT-redaktøren at ho vil leggje ned lokalkontoret i Førde.

Bergens Tidende aviser

VIL KUTTE LOKALT: Bergens Tidende har i dag to fast tilsette ved sitt lokalkontor i Førde. Redaktøren vil no leggje ned lokalkontoret i Førde, i tillegg til lokalkontoret på Stord.

Foto: Trude Bakke / NRK

Det er BA.no som skriv at sjefsredaktør Trine Eilertsen i Bergens Tidende ønskjer å leggje ned lokalkontora i Førde og på Stord. Dei som blir berørt av desse kutta skal ha blitt varsla om kutta onsdag.

Dei neste åra må Bergens Tidende gjennom kraftige kutt og endringar. Å kutte mellom 100 og 150 millionar kroner blir ikkje smertefritt, og allereie då sparepakken vart kjent i august sa Eilertsen at distriktskontora ikkje var skjerma i kuttprosessen.

Trine Eilertsen

VIL KUTTE: Sjefsredaktør Trine Eilertsen i Bergens Tidende har varsla dei tilsette om at ho ønskjer å leggje ned lokalkontora i Førde og på Stord.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Leiar for redaksjonsklubben i Bergens Tidende, Arild Berg Karlsen, seier til BA.no at han i utgangspunktet er skeptisk til planen om å leggje ned avisa sine lokalkontor. Om redaktøren får det som ho vil kan Bergens Tidende sitje att med ein hovudredaksjon i Bergen, i tillegg til eit lokalkontor i Oslo.

Berg Karlsen seier til BA.no at det er snakk om fire fast tilsette journalistar som vil bli råka av eventuelle kutt ved lokalkontora. Den eine skal allereie ha inngått ein avtale om AFP (avtalefesta pensjon i privat sektor), medan dei tre andre vil få tilbod om overføring til hovudredaksjonen.

BT-redaktør Trine Eilertsen seier til NRK at dei tilsette vil bli informerte i saka fredag, og at ho ikkje vil kommentere saka før dette er gjort.

Då NRK snakka med Eilertsen i august svarte ho slik på om kor vidt avisa framleis vil dekke Sogn og Fjordane i framtida.

– Vi er Vestlandet si storavis. Kjerneområdet vårt er Bergen og storkommunane rundt og det er eit veldig viktig område for oss. Når vi skal prioritere så er det aller viktigaste for oss at vi god nyheitsdekning i det området, sa Eilertsen og la til:

– Men vi går ikkje utan vidare å seier at vi ikkje skal dekke Sogn og Fjordane, det gjer vi ikkje.