NRK Meny
Normal

Bryr seg ikkje om søksmål

Bremanger står fast på å stoppe nedbetaling av lån.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Bremanger står fast på å stoppe tilbakebetaling av Dnb NOr-låna trass i trugslar om søksmål .

- Det er dokumentasjon på at DnB NOR visste at låneformålet var i mot kommunelova paragraf 50. Difor meiner vi det er grunn til å halde tilbake lånesummen. Det sier ordførar Kåre Olav Svarstad.

Betaler ikkje renter

Bremanger er ei av sju Terra-kommunar som no nektar å betale tilbake lån på i overkant av ein milliard kroner.

- Vedtaket vårt går på å ikkje betale renter på summen inntil vidare, seier Svarstad.

Han seier det er som forventa at DnB NOR trugar med søksmål, og han forventar nokre runder med møte for å komme fram til minnelege ordningar.

Betaler noko tilbake

Bremanger kommune har vedteke å betale tilbake summen dei har fått for obligasjonane som no er selde.

- Det er ikkje heile beløpet dei vil setje inn krav på. Vi har juristar som seier at vi skal betale inn det vi har fått tilbake, og at det er det endelege oppgjeret, seier Svarstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.