1/11 Frå rådmann til direktør
Han er den nye toppsjefen i Helse Førde, men kva heiter han?
2/11 Mange dagar med stengd veg
Riksveg 13 over Vikafjellet er den fjellovergangen som har vore oftast stengd i vinter. Men kor mange døgn snakkar vi om?
3/11 Dramatiske dagar i Nordfjord
Den dramatiske flaumen i Utvik var den mest omtala nyheitssaka frå Sogn og Fjordane i fjor. Men kva månad skjedde dette?
4/11 Han opna det som skulle bli Norges verste veg
Denne veka opna den siste parsellen på den nye vegen mellom Olden og Innvik. Men kva år var det kong Haakon opna den gamle vegen?
5/11 Strid om eldgamal treningsform
Frp-politikaren Magnar Hellesøy meiner at ei eldgamal og spirituell treningsform kan føre til at vonde ånder kan ta bustad i deg. Men kva heiter denne treningsforma?
6/11 Tilrår å leggje ned flyrute
Møreforsking har vurdert dei ulike flyrutene til og frå Sogn og Fjordane. Dei tilrår å leggje ned ei av rutene, kva for ei?
7/11 Beinkalde rekordar
Det var vore skikkeleg kaldt i Sør-Norge siste veka. På denne staden blei det sett ny kulderekord med 12,2 minusgrader. Kva heiter staden?
8/11 Vakre fjell i fylket
Vi bur i eit fantastisk fjellfylke, men kva heiter denne majestetiske fjellryggen?
9/11 Her har dei spennande planar
Det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster kan stå foran store endringar. Kva er det investorar vil gjere med bygget?
10/11 Staten si toppkvinne i fylket
Denne driftige dama er fylkesmann i Sogn og Fjordane, men kva heiter ho?
11/11 Populær sang om gamal båt
Ein av dei mest populære songane frå Sogn og Fjordane nokon sinne er songen om den gamle fjordabåten DS «Fanaraaken». Men kva band fekk ein lokal hit med songen?