Hopp til innhold

Bryllupsantrekk for 240 kvinner

240 kvinner kan ha gifta seg i det, og det tok timevis å få det på.

Kvamssølvet frå Jølster
Foto: Stian Sjursen / NRK

Høyr Gunnhild Systad ved Sunnfjord Museum fortelje om det staselege Kvamssølvet: Museumsserie del 35 - Kvamssølvet frå Jølster

Bygde båtar i kjellaren

Båt under bygging på Nordfjord Folkemuseum.
Foto: Pål Ovanger Stensland, Nordfjord Folkemuseum

På sørsida av Gloppefjorden vart det før i tida laga nordfjordfæringar på nesten kvar gard.

Ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane har dei teke vare på eit hus med båtbyggjarverkstad i kjellaren.

Høyr lokalhistorikar Terje Svendsby: Museumsserie del 34 - båtbygging

Den eldste baren i Sogn

Glaværstova
Foto: De heibergske samlinger - Sogn folkemuseum / NRK

Alle som skulle innover Sognefjorden måtte forbi den, og mange stoppa for å slukka tørsten.

No står den eldste skjenkestova i Sogn på museum.

Høyr museumsdirektør Aage Engesæter: Museumsserie del 33- Glaværstova

Storebåten
Foto: De heibergske samlinger - Sogn folkemuseum

Storebåten

Den er over 10 meter lang - og kunne frakte over 30 dyr.

Storebåten er den største gjenstanden som fins på De heibergske samlinger - Sogn folkemuseum.

Høyr museumsdirektør Aage Engesæter: Museumsserie del 32- Storebåten

Gammalt fotoapparat

Gammalt fotoapparat.
Foto: www.fylkesarkiv.no

Før filmrullen si tid, var det store fotoapparat og glasplater som vart brukte for å forevige bryllaup, barnedåpar og gravferder.

Eit av dei fotoapparata som vart brukte står i dag utstilt ved Nordfjord Folkemuseum.

Fylkesarkivar Arild Reppen fortel om den flotte gjenstanden: Museumsserie del 31 - gamalt fotoapparat

Skrekken slepp aldri taket...

Tannlegekontor på Sogn Folkemuseum.
Foto: Heidi Fagna / NRK

Ein skal oppleve så mangt gjennom eit langt liv, og det meste går ganske smertefritt.

Men enkelte minne sit som brent fast, og skrekken slepp aldri heilt taket.

Høyr Aage Engesæter og Lars Asle Vold ved De heibergske samlingar - Sogn Folkemuseum fortelje om tannlegeskrekk i gamle dagar: Museumsserie del 30 - tannlegekontoret

Han redda Grunnlova

Veggklokke
Foto: Pål Ovanger Stensland/ Nordfjord Folkemuseum

I gamle dagar var det sola som fungerte som klokke, men i overgongen til ein meir moderne tidsalder kom behovet for å vite tida meir nøyaktig.

Dette tok ein stortingsmann frå Eid konsekvensen av.

Høyr lokalhistorikar Arvid Rygg: Museumsserie del 29 - gammal klokke.

Tuleprinsen

Tuleprins
Foto: fotograf Ulf Palm Nordfjord Folkemuseum

- Oppstryningane kunne skytast viss dei gjekk utan denne på ryggen, heiter eit gamalt ordtak.

Ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane står prinsane på rekke og rad. Nokre enkle, andre meir luksuriøse.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumsserie del 28 - Tuleprins

Tenestejenta vart drepen

Sandnesbua på Sunnfjord Museum
Foto: Stian Sjursen / NRK

Sandnesbua ved Sunnfjord Museum er truleg laga av berre ein tømmerstokk. Stokken skal vere stolen i Hyen og dregen til Sandnes i Jølster.

Bua er også knytt til ei dramatisk historie som enda med drap og dødsdom på 1700-talet.

Høyr formidlingsleiar Berit Snøan: Museumsserie del 27 - Sandnesbua

Heibergteppet.
Foto: Heidi Fagna / NRK

Gammalt teppe

På De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum finn vi eit heilt spesielt teppe.

Det fyller åleine ein krok - og det er kanskje så mykje som 600 år gamalt.

Høyr konservator Aud Ross Solberg: Museumsserie del 26 - Heibergteppet

Kronprinsessa sitt Trondheimsskjørt
Foto: Stian Sjursen / NRK

Prinsesseskjørtet

Skaparen av gjenstanden i museumserien i dag, vart nok kalla fjollete. Men for mange år sidan strikka ei ung jente frå Gaular det som er kalla kronprinsessa sitt Trondheimskjørt.

Høyr direktør Gunnhild Systad: Museumsserie del 25 - Kronprinsessens trondheimsskjørt

Eidsvollbåten

Eidsvollbåten
Foto: Foto frå DHS/Sogn Folkemuseum / nrk

Då Eidsvollmenn frå heile Sør-Norge samla seg i 1814, var det mange som reiste langt.

Ole Elias Holck frå Lavik segla så langt som råd innover Sognefjorden i ein staseleg båt.

Høyr direktør Aage Engesæter: Museumsserie del 24- Eidsvollbåten

Musefelle
Foto: Pål Ovanger Stensland/Nordfjord Folkemuseum

Farlig musefelle

Når kattane ikkje klarte å ta mus, måtte dei i tidlegare tider finne på andre løysingar sjølv.

Gjenstanden som i dag står på Nordfjord Folkemuseum kan minne litt om ein fransk giljotin, og er minst like effektiv.

Høyr lokalhistoriar Arvid Rygg: Museumsserie del 23 - Musefelle

Leirmo-huset
Foto: Heidi Fagna / NRK

Når huldrefolket angrip...

Livet kan by på så mange slags utfordringar - i gamle dagar kunne huldrefolket vere ei av dei verkeleg store.

Ein bonde i Jostedalen fekk dei i hus.

Høyr fagkonsulent Lars Asle Vold: Museumsserie del 22 - Leirmohuset

Smykkeskrin på Sunnfjord museum
Foto: Stian Sjursen / NRK

Heimelaga smykkeskrin

Når ein tidlegare skulle låse inn smykker, brukte ein mellom anna kodelåste treskrin.

Ofte var desse skrina kjærestegåver frå menn som la svært mykje arbeid ned i å få dei flottast mogleg.

Høyr handverkar Jon Barlund: Museumsserie del 21 - Smykkeskrin

Vaffeljern ved Nordfjord Museum
Foto: fotograf Ulf Palm Nordfjord Folkemuseum

Våre eldste kaker

Vaflar er blant våre eldste kaker, og vart brukt som festmat både i bryllaup og andre høgtider før i tida.

Og før vedkomfyren og den elektriske komfyren kom, måtte dei steikast under open eld i grua.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumserie del 20 - Vaffeljern

Gamal frysar
Foto: Nordfjord folkemuseum

Frysaren

Frysarane gav folk eit meir variert kosthald, i dag er dei første eksemplara hamna på museum.

Før i tida måtte dei salte, tørke eller hermetisere maten for at den skulle halde seg. Frysaren vart dermed ein liten revolusjon i norske heimar.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumsserie del 19 - frysaren

Hugenstova
Foto: Heidi Fagna / NRK

Hugen-stova

I gamle dagar var det mange omstreifarar i Sogn - og for desse kunne folk sin gjestfridom vera livsviktig.

Ein av desse møtte sin skjebne etter å ha vorte avvist frå Hugen-stova.

Høyr fagkonsulent Lars Asle Vold: Museumsserien del 18 - Hugen-stova

Fotoapparat
Foto: Stian Sjursen / NRK

Fotoapparatet

Fotoapparata blir stadig mindre. Men i museumsserien skal vi tilbake til ei tid då slike apparat ikkje fekk plass i lomma.

Høyr konservator Asbjørn Tyssen: Museumsserie del 17 - Fotoapparat

Stølsguden
Foto: Heidi Fagna / NRK

Museum vart lurt trill rundt

Alle soger er ikkje heilt korrekte - og iblant er historia rein løgn.

For eit århundre sidan betalte De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum ein høg sum for det dei trudde var ein stølsgud.

Høyr fagkonsulent Lars Asle Vold: Museumsserie del 16 - stølsguden

Draugslagnøkkelen
Foto: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Den helbredande nøkkelen

Den eine sin død er den andre sitt brød.

Før i tida visste ein å gjera seg nytte av det meste - difor grov ein gjerne i lommene til drukna menn - på jakt etter nøklar.

Høyr konservator Aud Ross Solberg: Museumsserie del 15 - draugslagnøkkel

Første rullestolen i Sunnfjord

Første rullestolen i Sunnfjord.
Foto: Stian Sjursen / NRK

Ein av dei første rullestolane var på plass i Sunnfjord for om lag 100 år sidan.

I dag står den på Sunnfjord museum.

Høyr konservator Asbjørn Tyssen: Museumsserie del 14 - første rullestolen i Sunnfjord

Uunnværleg krutthorn

Krutthorn
Foto: Nordfjord Folkemuseum

Når sogningane og fjordingane skulle jakte hjorte eller bjørn før i tida, var denne gjenstanden heilt nødvending å ha med seg i sekken - for utan krutt vart det dårleg fangst.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumsserie del 13 - krutthorn

Rislada i Hornindal
Foto: Nordfjord folkemuseum

Rislada i Hornindal

Det er eit av dei minste og enklaste byggverka ved Nordfjord Folkemuseum, men likevel er det dette huset som ligg styrar Aslaug Nesje Bjørlo sitt hjarte aller nærast.

Høyr styrar Aslaug Nesje Bjørlo: Museumsserie del 12 - Markalade

Varmestein
Foto: Nordfjord folkemuseum

Elektronisk fotvarmar

Når folk la seg i sengene sine på 40- og 50-talet hadde dei gjerne selskap av ein elektrisk gjenstand som skulle halde dei varme på føtene.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumsserie del 11 - Varmestein

Solarium frå 60-talet på Sunnfjord Museum
Foto: Stian Sjursen / NRK

Mykje lys og mykje varme

Ikkje alle gjenstandane på musea våre er veldig gamle.

På Sunnfjord Museum fins ein gjenstand frå 60-talet.

Høyr museumsdirektør Gunnhild Systad: Museumserie del 10 - høgfjellssol

Aalandsskapet
Foto: Arild Reppen

Eit skap med skattar

Eit skap fullt av litterære skattar vart gjeve heilt gratis til Nordfjord Folkemuseum.

Gjevaren er ein av dei mest kjende bygdebokforfattarane her i landet.

Høyr museumsstyrar Aslaug Nesje Bjørlo: Museumsserie del 9 - Aalandsskapet

Aage Engesæter
Foto: Heidi Fagna / NRK

Dolken Flusi

Dolken Flusi frå Sogndal kom med i eventyrbøkene til Asbjørnsen og Moe. Ein lokal smed skal ha drepe trollet med den.

Høyr direktør Aage Engesæter: Museumsserie del 8 - dolken Flusi

Bjørnelabben
Foto: Heidi Fagna / NRK

Fødselshjelp i bjørnelabb

I gamle dagar trudde ein bjørnen var spesielt på jakt etter gravide kvinner - likevel var ein bjørnelabb den beste fødselshjelpa. Ved å leggja den på magen og kjønnsorganet skulle alt gå lettare.

Høyr konservator Aud Ross Solberg: Museumsserie del 7 - bjørnelabben

Plaggøskja

Plaggøskje
Foto: Nordfjord folkemuseum

I 1847 vart det laga ei vakker øskje til ei jente i Gloppen.

No er øskja teken vare på ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane.

Høyr tidlegare styreleiar Petter Eide: Museumsserie del 6 - Plaggøskja

Helgheimslysestaken
Foto: Stian Sjursen / NRK

Lysestaken som vart vanhelga

På Sunnfjord Museum står det ein gammel lysestake med dramatisk historie.

På 1500-talet skal den ha stått i kyrkja på Helgheim i Jølster, og blitt vanhelga av presten som brukte den som forsvarsvåpen.

Høyr museumsdirektør Gunnhild Systad: Museumsserie del 5 - Helgheimstaken

Lusekassen
Foto: Heidi Fagna / NRK

Ingen skam å ha lus

Fintfolk hadde eige møbel for lusekosten i gamle dagar.

Den er omlag like stor som ein postkasse, og den vart kalla bosskast. Her skulle lusekammen liggja når den ikkje var i bruk.

Dette var eit stasmøbel.

Høyr fagkonsulent Lars Asle Vold: Museumsserie del 4 - Lusekassen

Flølokomfyren
Foto: Nordfjord Folkemuseum

Ein revolusjon for husmora

Då den vart laga produsert for første gong i 1927 var den ein liten revolusjon på kjøkkenet.

For plutseleg kunne husmora få både varmt vatn, elektriske kokeplater og varme frå ein og same elektrisk artikkel.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumsserie del 3 - Flølokomfyren

Skinnbukse
Foto: Aage Engeseter

Skinnbuksene

- Kom inn og ta ein kaffi, så døyr han sikkert snart, sa mannen, som svært gjerne ville selgja faren si skinnbukse.

To skinnbukser har på svært ulikt vis hamna på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Høyr direktør Aage Engesæter: Museumsserie del 2 - skinnbuksene

Sjålykt
Foto: Nordfjord museum

Magesekk som lykt

Før det kom glas i lyktene gjorde magesekkar nytten. Etter slakting vart dyremagen vaska, skrubba og brukt som glas i lyktene.

Høyr konservator Ingrid Berger: Museumsserie del 1 - Sjålykt