Dei polske sjåførane fekk eit svært ublidt møte med sogningen, fortel politibetjent Knut Arne Klingenberg.
- Mannen heldt dei i sjakk, og dei turte ikkje gå ut av bilane, seier han.
Kasta ut av festen
Natt til laurdag var ytresogningen gjest i eit bryllaup i Borgund, men bryllaupsfeiringa hadde nok vore i hardaste laget for mannen i slutten av 20 åra. Han vart i alle fall kasta ut av festen, og gjekk i staden ut i vegen og stilte seg opp midt framfor to polske vogntog på gjennomreise. Han byrja med å rive av eit dørhandtak, og henge seg på vindaugsvikarane og speglane
At mannen ikkje var vennlig innstilt fekk dei ettertrykkelig merke etter at han fekk røska opp panseret på den eine bilen. Her drog han laus motordelar og leidningar, og han fann ei solid jernstong som han brukte til å knuse rutene på begge bilane.
Kunne ikkje fortsette
Bilane fekk så store skader at dei ikkje kunne fortsette turen vidare. Ferda til den utagerande bryllaupsgjesten enda i politiet si varetekt etter ein del tumultar. Etter avhøyret køyrde politiet han tilbake på campinghytta der han budde.
Polakkane har meldt saka, og ytresogningen kan vente seg bøter for skadeverket.