Hopp til innhold

Bryggjer opp til ny E39-debatt

Det bles opp til ny vegdebatt når Arbeidarpartiet samlast til fylkesårsmøte i Førde kommande helg.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

NY DEBATT: Arbeidarpartiet gjekk til val på E39 gjennom Gloppen og Eid. I fylkestinget røysta dei for Stryn.

Foto: Statens vegvesen

Kontrollutvalet i partiet krev at årsmøtet må vurdere om partiet sin snuoperasjon om E39 gjekk rett føre seg.

Arbeidarpartiet gjekk til valkamp med lovnad om bru mellom Anda og Lote, men snudde i fylkestinget og røysta for indre linje med bru i Stryn.

– Vi har fått ein del munnlege tilbakemeldingar om at dette var i strid med programmet. Når det blir stilt spørsmål, så er det vår oppgåve å stille det tilbake til partiet, seier leiar i kontrollutvalet, Ragnar Andenes.

– Partiet må avgjere

Særleg i partilaga i Eid og Gloppen har det vekt harme at Arbeidarpartiet snudde då fylkestinget vedtok si høyringsfråsegn om framtidas E39 gjennom Nordfjord.

– Eg held meg berre til kva som har vore tonen i valkampen, og ikkje minst til kva som har stått i programmet. Med bakgrunn i dei tilbakemeldingar vi har fått, så er det ei samrøystes kontrollnemnd som meiner det er på tide å stille spørsmålet i alle fall. Så blir det opp til partiet å avgjere kva dei vedtek ut frå det, seier Andenes.

– Godt forankra

Nils P. Støyva (Ap)

FORANKRA: Fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, seier at årsmøtet skal få ein fyldig gjennomgang av kva som vart gjort.

Han er også klar på at standpunktet var godt forankra i partiorgana.

– Fylkestingsgruppa valde å kople inn styret i denne saka, og ha fellesmøte mellom styret og gruppa og behandla saka på den måten. I tillegg hadde vi høyring ute i dei ulike kommunepartia. Dette er i tråd med vedtektene, seier Støyva.