Hopp til innhold

Bryggja gir ikkje opp Stad

Innbyggjarane på Bryggja i Vågsøy gir ikkje opp å følgje med Eid og Selje inn i Stad kommune. Torsdag sa kommunepolitikarane nei til å gi slipp på bygda sjølv om 80 prosent av innbyggjarane ikkje vil inn i Kinn kommune. – Eg vil tru at fylkesmannen har betre argument for at vi får flytta grensene enn i mot. Det er overveldande fleirtal for det i bygda, seier grendalagsleiar Øystein Hessevik.