Hopp til innhold

Brygge kollapsa - fleire personar i sjøen

Fleire utanlandske turistar ramla i vatnet då ei brygge kollapsa i Gudvangen.

Brygge kollapsa i Gudvangen

DRAMATISK: Seks personar måtte ha hjelp for å komme seg opp av fjorden, etter at landgangen kollapsa då turistane skulle om bord i ei ferje i Gudvangen i Sogn.

Foto: Tiril Hylland

– Det må ha vore dramatisk for dei som opplevde dette. Dei var jo heller ikkje ungdommar. Dette er eldre folk, seier lensmann Magne Knudsen i Årdal.

Ei gruppe på 174 turistar skulle gå om bord i ei ferje, då landgangen frå kaia til brygga kollapsa. Seks personar ramla i vatnet, og fleire andre hoppa uti for å hjelpe.

– Det er ingen tvil om at festeordninga på flytebrygga har svikta, seier Magne Knudsen.

Han var blant dei mange frå naudetatane som rykte ut til staden, då dei fekk melding om at brygga hadde kollapsa. Då han kom på staden, hadde kollegaene frå Aurland kontroll på situasjonen.

Politiet har sperra av eit område rundt staden der brygga kollapsa
Foto: Tiril Hylland

Dykkarar har vore i sjøen og søkt etter eventuelle fleire personar. Dei har no avslutta søket utan resultat. Ingen av reiseselskapa på staden saknar turistar.

Ingen av turistane skal ha komme alvorleg til skade, men ein person er frakta til Voss sjukehus. Politiet er i gang med undersøkingar av kva som har skjedd.

Laster Twitter-innhold
gudvangen