NRK Meny
Normal

Brygg øl til jul!

Sjølve brygginga er den viktigaste delen av prosessen fram mot eit godt julebrygg - men ingenting er meir spennande enn oppskåka.

Ingrediensar til finsk mjød
Foto: Gro Ravnestad / NRK

På gardane i Hornindal har heimebrygging svært lange og sterke tradisjonar. Møt ølbryggar-veteranen Lars Tomasgård!

HØYR: Ølbrygging i Hornindal

Vi var på Krosshaug på Hermansverk då dommen over årets produkt vart felt.

HØYR: Ølbrygging på Krosshaug

Finsk mjød på Jølster

I heimen til Kari Støfringsdal på Jølster blir det ikkje jul utan at det står finsk mjød på bordet.

Oppskrifta fekk ho då ho gjekk på husmorskule for 40 år sidan, og i dag lagar ho det både til jul og andre høgtidsdagar. Mjøden er alkoholfri og smakar av frisk sitron. Det er godt til middag og anna saltmat i jula.

Oppskrifta er enkel. Du treng fire liter vatn, eit halv kilo brunt sukker og kandissukker, ein sitron, eitt gram gjær og ei flaske vørterøl.

HØYR: Framgangsmåten høyrer du her

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.