NRK Meny
Normal

Brutal sesongstart for bærdyrkarane

Det er «Kong Vinter» si skuld at det i år blir langt mindre bær i butikkane. Vinteren har gjeve bærbøndene eit brutalt møte årets sesong.

Arnt Magne Paulen

ØYDELAGD: Mykje av bringebæravlinga til Arnt Magne Paulen i Innvik er øydelagd etter den svært spesielle vinteren.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Mange bærdyrkarar går ein svært tøff sesong i møte. Enkelte har fått så mykje som 90 prosent av avlinga si øydelagd.

Rådgjevar Rune Vereide i Norsk landbruksrådgjeving seier han ikkje kan minnast ein liknande start på sesongen i Sogn og Fjordane.

– No har eg arbeidd med frukt og bær i 30 år, og dette er nok det verste året eg har vore med på, seier han.

Mista halve avlinga

Ein av bøndene som har fått merke vinteren sine herjingar er Arnt Magne Paulen i Utvik. På bøen står store mengde bringebærplantar brune, klare for å bli rydda vekk.

Han har fått skade på 40 prosent av sine plantar.

– Vi var klar over at det ville bli ein del frostskadar, men det er først siste veka no vi er blitt klare over kor omfattande det ville bli. Det er ikkje kjekt å sjå når du lev av dette, seier Paulen og speidar utover buskene.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Mange bærbønder går ein svært tøff sesong i møte. Vinteren har tatt knekken på enormt mange bringebær buskar.

SJÅ TV-SAK: Elendig start på bringebærsesongen.

Plukkarane kjem

– Det har vore ein spesiell vinter med ikkje heilt låge temperaturar, men lange periodar på kring ti minus. Utan snø står plantane utsett til for frost, seier han.

Paulen ventar eit stort tal bærplukkarar til garden i sommar. Avtalane vil han ikkje bryte. Enkelte har hjelpt han ut kvar sesong over 12 år. No håpar han å kunne rydde og gjere garden «stroken» til neste sesong.

– Det er lite vi kan styre vêret, så vi må berre konstatere at slik er det. Så får vi glede oss over det som er fatt, og gripe fatt i og sjå kva vi kan få gjort med det som er dårleg, held han fram.

– Tre år å byggje opp

Men det er altså bønder som no må skjære ut og reinske vekk langt fleire stenglar enn bonden i Utvik. For plantane kan ikkje bli ståande som vertsplantar for sopp og sjukdomar.

No handlar det om å få etablert på nytt bærplantane til seinare år.

Svein Kvame

BLIR MINDRE: – Kundane vil merke at sesongen kjem seinare og blir kortare, med færre bær i marknaden, seier Svein Kvame.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Det er ein veldig trasig situasjon for dei som har satsa på denne situasjonen. Det er ein produksjon som tek i alle fall tre år å byggje opp, seier Svein Kvame ved Innvik fruktlager.

Mindre bær

Vinteren sine herjingar betyr ikkje berre tapt forteneste for bøndene. Den betyr også mindre bær i frukt- og grønt-avdelinga på butikkane.

I 2011 vart det produsert 1.072 tonn bringebær i Sogn og Fjordane. Dette utgjorde kring 70 prosent av produksjonen i landet.

– På Vestlandet blir det produsert kring 80 prosent av bringebæra i Norge. Sogn og Fjordane har det meste av den produksjonen. Dette vil nok syne att i butikkane, seier Kvame og fryktar at avlingar også utanfor fjordfylket står nærast ribba att etter vinteren.

Skadd i mars

Arnt Magne Paulen

MÅ TA ATT: I Utvik må Arnt Magne Paulen ta att store delar av bringebærplantane sine.

Foto: Terje Gilleshammer

– Det har vore ein ekstremt tøff vinter, med lange kuldeperiodar. Utan snødekke har telen gått ganske djupt og den har sete uvanleg lenge i jorda utover våren, seier Vereide i landbruksrådgjevinga.

Han trur det meste av skaden i bringebæra skjedde i mars/april. Enkelte stader har telen sete til i dag. Rota som har stått i tele har ikkje fått teke til seg trengd vatn og næring. Såleis har stenglane tørka ut.

– Bra i Vik og Luster

Sjølv om Vereide ikkje har opplevd liknande sesongstart, minner han om at det faktisk er avlingar som ser riktig bra ut.

– Vi har mykje skade i Nordfjord og i Lærdal, som kanskje må skjærast tilbake og som vil gi dårleg avling. Samstundes ser det betre ut i Luster og Vik, seier han og håpar dei som blir hardt råka i år får ein betre sesong.

– Dei aller fleste felta vil ein kunne produsere og avle til neste år. Enkelte stader kan kulden ha svekka rotsystemet så mykje at det kan gå utover tilveksten også, men det vil truleg gjelde i få felt, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune