NRK Meny
Normal

Brustad lova ingenting

Helseminister Sylvia Brustad kom ikkje med konkrete lovnadar då fleire delegasjonar frå Sogn og Fjordane møtte henne onsdag.

Sylvia Brustad
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Til dømes kunne ho ikkje love meir pengar eller å gripe inn for å verne ortopediklinikken i Lærdal. Det stadfestar fylkesordførar Nils R Sandal.

- Vi fekk ikkje nokon spesielt klar tilbakemelding, seier han.

Tre delegasjonar

Tre delegasjonar på til saman nesten tjue personar var onsdag hos helseminister Sylvia Brustad for å kjempe for sjukehustilbodet her i fylket. Representantar for Nordfjordrådet, Sogn Regionråd og fylkeskommunen reiste for å fortelje Brustad kor alvorleg situasjonen er. For det at Helse Førde må spare inn nær 50 millionar kroner innan utgangen av neste år gjer folk i fylket urolege.

Ikkje ortopedisvar

I indre Sogn er folk sinte fordi  Helse Førde no gjer store innhogg i ortopediklinikken ved Lærdal Sjukehus. Helse Vest har godkjent nedskjeringa frå 30. september, og håpet er at helseministeren vil gripe inn. Men onsdag gav ho ingen slike signal. Heller ikkje Arbeidarparti-ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal  fekk slike signal av partifellen Brustad.

 - Her er det prosessar, og det er klart det er ikkje lett for ein statsråd å gripe inn, seier Aarethun.

Ikkje svar på pengekrav

Heller ikkje meir pengar til Helse Vest kunne Brustad love fylkesordførar Nils R. Sandal frå regjeringspartiet Senterpartiet.

- Nei, ikkje konkret det heller, men vi fekk iallfall argumentert for det.

- Viktig med innspel

- Er du nøgd med møtet når helseministeren ikkje kunne gi meir pengar og ikkje kunne klargjere kva desse sjukehusa skal innehalde?

- Det er klart vi  kunne ha ynskt oss at vi hadde fått klarare tilbakemeldingar, men det er viktig at  vi kjem med våre innspel heile tida, slik at det kan vere med som grunnlag når dei skal jobbe med saka.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.