Hopp til innhold

Brustad avventar granskinga

Det er påstandane om ulovlege innkjøp ved sjukehuset i Lærdal som er årsaka til at helseministeren har avlyst det planlagde møtet med Helse Vest.

Sylvia Brustad
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Årsaka er skuldingane om at det skal ha skjedd ulovlege innkjøpe ved sjukehuset i Lærdal, seier Brustad.

- Når det har oppstått ein situasjon der tilsynsmyndigheit er kopla inn og det vert stilt spørsmål om innkjøpa er i samsvar med gjeldande reglar, så tek eg det på alvor. Før vi har ei oversikt over kva dette er, så er det ikkje hensynsmessig å ha dette møtet, seier ho.

Oppteken av pasientane

Det er Helse Vest som har ansvaret for kva som skjer ved ortopediklinikken i Lærdal, seier Brustad. Ho seier ho no vil avvente granskinga av innkjøpa før ho eventuelt føretek seg noko.

 - Eg er oppteken av er at dei pasientane som står på venteliste ikkje vert skadelidande av det som har komme fram, seier ho.

- Men betyr det at du kjem til å be dei om ikkje å gjer nokon endringar ved ortopediklinikken fram til du har sett på saka?

- No er alle interesserte i å finne ut kva dette er. Viss dette fører til at nokre pasientar ikkje får den behandlinga dei skal ha, må dei få behandling andre stader. Men dette må Helse Vest ta ansvar for, understrekar Brustad.