NRK Meny
Normal

Brukte ubåt til å spele inn ny musikkvideo

Det var nok mange som undra seg over ubåtaktiviteten på Vågsfjorden utanfor Måløy denne veka.

Store P spelar inn musikkvideo på ubåt

UBÅT: Rappartisten Store P valde Vågsfjorden som omgjevnad til sin nye musikkvideo.

Foto: BJARNE ELDEVIK

Både synet av, og aktiviteten rundt, KNM Uredd S-305 var nok alt anna enn eit vanleg syn. Men det var ingen norsk ubåt med problem, eller innspeling av noko film.

– Vi kan røpe at det var Store P som spelte inn den neste musikkvideoen, seier marknadssjef Erle Strøm hos musikkselskapet Hes.

Rappartist frå Bergen

Store P

STORE P: Rappartist frå Fyllingsdalen utanfor Bergen.

Rappartisten og musikkprodusenten frå Fyllingsdalen utanfor Bergen er i full gang med sitt andre soloalbum. Petter Sundby, som han eigentleg heiter, har tidlegare vore medlem av rappgruppa A-laget, og debuterte i 1994 som soloartist med «Regnmannen».

Plata gav han like godt Spellemannprisen 2014 i klassa Urban.

– Når han no lagar noko nytt, hadde han eit sterkt ynskje om å komme seg litt vekk frå det urbane og uheldige delane av myten knytt til rap-musikk. Han ville ut frå byane og finne ein ny identitet eller plattform, seier regissør Olve Osland.

Vart begeistra

Saman med Mats Willassen skal Osland produsere musikkvideoen, som over nyttår blir sleppt saman med den nye singelen. Albumet kjem seinare på året.

– Vi såg litt rundt og fann Måløy, som vi tykte var interessant. Vi gjorde brorparten av videoen i Måløy, så no skal vi skyte resten på eit par andre stadar i landet, seier Osland og ikkje vil røpe kvar det blir.

Hos musikkselskapet Hes seier Strøm at artisten og filmskaparane var godt nøgde med opphaldet i Måløy.

– Dei sette utruleg pris på den lokale hjelpa som dei fekk der oppe, og vart begeistra over både staden og folka, seier ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå