Hopp til innhold

– Det gjekk nokre minutt for mykje frå den første meldinga kom til varslinga gjekk ut

Det gjekk for mange minuttar frå det byrja å brenne til naudetatane blei varsla, då det tok til å brenne i eit vogntog i Gudvangatunnelen i mars i år, meiner fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Brann i vogntog i Gudvangatunnelen

FOR SEINT: Fylkesmannen i Vestland har evaluert bergingsarbeidet etter Gudvangatunnelen i mars i år.

Foto: Voss brannvesen

Fleire titals personar måtte evakuerast i samband med den dramatiske tunnelbrannen.

– Det gjekk nokre minutt for mykje frå den første meldinga kom til varslinga gjekk ut, seier beredskapssjef hjå fylkesmannen i Vestland, Haavard Stensvand.

Fredag møttest naudetatane i Aurland for å evaluere bergingsarbeidet, og korleis samarbeidet mellom dei ulike naudetatane fungerte. Stensvand seier noko av forklaringa på at det gjekk så langt tid var at det var vanskeleg å få verifisert at det var ein reell brann

– Blant anna la innringaren svært fort på, og det gjekk nokre minutt før dei fekk ei stadfesting på at det faktisk var ein brann, seier Stensvand.

Kan bli raskare

I Statens vegvesen seier avdelingssjef Svenn Egil Finden at ved alle slike hendingar så ser ein ein ting som ein kan bli betre på.

Svenn Egil Finden

RASKARE VARSLING: Svenn Egil Finden er avdelingssjef i Statens vegvesen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kanskje skal vi trykke på den store knappen litt tidlegare, og så får ein heller kalle tilbake mannskapa dersom det ikkje er ein alvorleg situasjon likevel, seier avdelingssjef i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Samarbeidet fungerte

Sjølv om hovudkonklusjonen på møtet mellom naudetatane er at samarbeidet fungerte godt, konstaterer dei også at avstanden mellom suksess og fiasko kan vere svært liten. Beredskapssjefen syner blant anna til dei seks som kom ut av den kolsvarte røyken på Aurlandssida og vart sende til sjukehus.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

KAN BLI BETRE: Haavard Stendsvand er beredskapssjef hjå fylkesmannen i Vestland

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ingen av dei vart alvorleg skadde, men det er klart at dei skulle ikkje vore mykje lenger inne i røyken før utfallet kunne vore eit heilt anna.

– Den andre konklusjonen er at det har vore ein svært god innsats frå naudetatane og andre som handterte situasjonen. Det har vore eit godt samarbeid dei i mellom, så det handlar også om dyktigheit at det fungerte så bra, seier Stendsvand.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

DRAMATISK: Fleire titals personer vart evakuerte og fleire sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 i mars i år.

Blir etterforska

Både politi og havarikommisjonen granskar no ulukka i håp om finne årsaka til at det heilt nye vogntoget tok til å brenne.

– Det arbeidet går uavhengig av den jobben som vi gjer. Det som vi har gjort er å ha ei evaluering av sjølve handteringa, kva naudetatane og dei som hadde ansvar her har lært av handteringa.

Viktig læring

Stensvand er svært oppteken av at dei involverte etatane og styresmaktene kan lære av dei erfaringane ein gjorde seg med den siste tunnelbrannen i Gudvangatunnelen.

– For slike hendingar vil oppstå igjen, .det er heilt garantert. Om det ikkje skjer i Gudvangatunnellen eller i Aurland, så er det sikkert at det kjem til å kome nye tunnelbrannar i Vestland.

Etter møtet i Aurland fredag skal dei no skrive eit referat der dei prøver å identifisere dei lærepunkta som har vore slik at dei ansvarlege styresmakter og etatar kan forbetre seg ytterlegare.