Hopp til innhold

Brukte feil tal om Stad skipstunnel

Hurtigbåtenes Rederiforbund kastar seg på i kritikken mot Kystverket etter at dei vende tommelen ned for Stad skipstunnel.

Kystdirektør Kirsti Slotsvik

FEIL TAL: Kystdirektør Kirsti Slotsvik blir skulda for å legge feil talmateriale til grunn for ny rapport om Stad skipstunnel.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Leiar Ottar J. Aare skuldar Kystverket for å bruke feilaktig datagrunnlag. Rapporten baserer seg på AIS-data for dei to siste åra, skriv Bergens Tidende.

- Problemet er at ein stor del av fartya som passerer Stad ikkje er utrusta med AIS. Mindre fraktebåtar, fiskebåtar, passasjerbåtar er ikkje pålagt å ha slikt utstyr, seier han til avisa.

Avviser kritikken

Værradaren på Stad

STOGGAR: Den nye verradaren på Stad er ein av grunnane til at Kystverket seier nei til skipstunnelen.

Foto: Meteorologisk Institutt

Aare meiner at dei mest utsette fartya dermed ikkje er del av grunnlaget i risikoanalysen. Leiaren støttar opp om røystene som skildrar den 17. rapporten på 20 år som eit bestillingsverk.

Kystverket viser mellom anna til den nye verradaren som gir sikrare varsel og tryggare sigling forbi det verharde havet . Kystverket avviser kritikken overfor avisa.

- I utgreiinga er det kompensert for at ikkje alle båtar som passerer Stad har dette systemet, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video 5d5055a3-aee6-4299-835a-48f2cb55c19f.jpg

NEI: Kystverket snudde frå ja til nei i den 17. rapporten på 20 år om Stad skipstunnel.

Aktivt departement

Slotsvik avviser også at rapporten er eit bestillingsverk, slik både fiskarar og opposisjonspolitikarar hevdar. I føreordet står det mellom anna at "departementet har vore aktiv i utredningsprosessen, og lagt føringer på utredningen".

- Samanlikna med sist utgreiing har departementet lagt føringar for at vi denne gongen skulle sjå mest til nasjonale nytteverdi, og mindre til regional, seier Slotsvik til BT.

Video Tvilar på Kystverket sine konklusjonar

TVILAR: Ikkje alle festar lit til Kystverket sine konklusjonar.