Hopp til innhold

Brukte ein time på å nå fram til dødsulukke

Politiet trur ikkje mannen kunne vore berga sjølv om naudetatane hadde komme tidlegare.

Politibåt dykkarulukke Solund

MÅTTE LEITE: Politi og helsepersonell måtte leite etter dykkarane. Difor tok det dei lang tid å komme fram til der dei var.

Foto: Magne Hamre / NRK

Politiet fekk melding frå ein av personane i dykkarfølgjet klokka 14.26 måndag ettermiddag. Fem minutt seinare hadde politi og ambulanse rykt ut, men først klokka 15.35, over ein time seinare, var dei på ulukkesstaden. Dykkaren var då død.

– Årsaka er at det var uklart kor dykkarane var, seier politibetjent ved Solund politidistrikt, Roar Brudevoll.

Kunne truleg ikkje vore berga

Ein mann i 60-åra frå Danmark omkom under dykking på måndag. Saman med fleire andre dykka han i Gildresundet i Ytre Solund, ved eit skipsvrak frå krigen som er eit populært dykkarmål. Dei andre i dykkarfølgjet melde frå til naudetatane då dei såg kameraten flyte medvitslaus i overflata.

Brudevoll vil ikkje spekulere i om dykkaren kunne vore berga dersom dei kom tidlegare.

– Men ut frå det vi veit om situasjonen så ville det ikkje hatt noko praktisk betydning i denne samanheng, seier han.

Ukjend årsak

Då naudetatane kom til staden vart det av helsepersonell konstatert at mannen var omkomen. Politiet veit framleis ikkje kva som førte til dødsulukka.

Mannen er obdusert, men årsaka er framleis ikkje klar, ifølgje Brudevoll.

Politiet ventar også på svar frå tekniske undersøkingar av dykkarutstyret, som blir gjennomført ved dykkarutdanninga ved Høgskulen i Bergen. Det er usikkert når desse er klare.