Hopp til innhold

Brukte bordtennisrom til akutt sjuk

Helse Førde brukar eit bordtennisrom på psykiatrisk klinikk til å leggje inn akutt psykisk sjuke.

Førde sentralsjukehus

BRUKAR BORDTENNISROM: Psykiatrisk klinikk i Helse Førde la i oktober inn ein pasient på bordtennisrommet.

Foto: Øystein Tveiten

– Psykiatriske pasientar har rett til å leve under skikkelege forhold når dei er innlagde i vanskelege periodar av livet sitt, seier fylkeslege Per Stensland.

Fylkeslegen fryktar feilrapportering

Helsetilsynet ber no Helse Førde om ei forklaring, etter at eit bordtennisrom i oktober vart brukt til å leggje inn ein akutt psykisk sjuk pasient.

Samstundes hevdar helseføretaket at dei ikkje har korridorpasientar ved psykiatrisk klinikk. Men Stensland fryktar feilrapportering.

– Vi ønskjer å sikre oss at vi og Helse Førde snakkar om dei same tinga, når vi spør dei om korridorpasientar og overbelegg, seier fylkeslegen.

Meiner det ikkje er snakk om korridor

Ifølgje avdelingssjef Svein Ove Alisøy ved psykiatrisk klinikk er bordtennisrommet fullt brukande som eit vanleg pasientrom. Det skal dessutan vere i bruk berre nokre få dagar i året.

– Det blir brukt til bordtennisrom når det ikkje er pasientrom, stadfestar Alisøy overfor NRK.no.

– Burde de då ha opplyst at dette er korridorpasientar?

– Nei. Definisjonen på ein korridorpasient er at dei ligg på eit rom som eigentleg er ein korridor, eit bad, eit skyllerom eller ei daglegstove. Dette rommet er skjerma frå andre, og det er like stort som andre pasientrom, seier Alisøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Stensland

SER PÅ SAKA: Fylkeslege Per Stensland vil vurdere om bordtennisrommet etter lova verkeleg er eit pasientrom.

Foto: Privat

– Eit godt alternativ til korridor

Psykisk sjuke pasientar har krav på skikkelege pasientrom, og Helse Førde hevdar at dei ikkje har korridorpasientar på psykiatrisk klinikk.

Men: I mars i år skreiv Helse Førde til Helsetilsynet at rommet har innsyn med vindauge frå tre kantar, ingen tilgang på vatn eller toalett og at pasientar må bruke personalet sitt toalett. Årsaka til bruken skal då ha vore overbelegg.

Ifølgje Alisøy er rommet no omklassifisert til pasientrom. Dei har gardiner som skjermar for innsyn.

– Eg tenkjer at i staden for å liggje på korridor, så er dette eit godt alternativ – og etter definisjonen er ikkje dette ein korridorpasient, seier han.

Fylkeslege Per Stensland seier dei no vil vurdere om bordtennisrommet etter lova verkeleg er eit pasientrom.