NRK Meny
Normal

Brukte bikinifitness for å ta kontroll på helsa

Pia Gjørsvik Kvernevik har i mange år slite med sjukdom. For eit og eit halvt år sidan starta ho med styrketrening, og i helga stod ho på scena under NM i bikinifitness.

Pia Gjørsvik Kvernevik og Vegard Kvernevik

SELJE: Pia Gjørsvik Kvernevik bur i Selje, her saman med mannen Vegard Kvernevik etter NM-konkurransen i Oslo.

Foto: Privat

– Det var utruleg stort, men og veldig skummelt. Det er ikkje berre enkelt å gå ut på ei scene for å bli dømt opp og ned, men for meg var det ein siger i seg sjølv å ha kome så langt. Då eg stod på scena følte eg at eg endeleg hadde nådd målet og var herre over eigen kropp, seier Pia Gjørsvik Kvernevik.

Pia Gjørsvik Kvernevik

ALL IN: Kvernevik fortel at ho alltid brukar å gå «all in» når ho bestemmer seg for noko. Slik vart styrketrening til bikinifitness.

Foto: Kristin Oldeide

Musklar, sjølvbruning og glitrande bikiniar er ord som gjerne dukkar opp når ein tenker på bikinifitness, som er ein skjønnheitskonkurranse med musklar i sentrum. For Kvernevik betyr konkurransen noko meir.

– Då eg var 15 fekk eg diagnosen Morbus Crohn, det er ein kronisk betennelse i tarmane. Så fekk eg ein betennelse i nyrene nokre få år etterpå, og i fjor då eg starta med styrketrening fekk eg påvist ei form for leddgikt. Det gjorde at eg følte eit behov for å ta tilbake kontrollen over kroppen min, og då vart styrketreninga redninga mi.

Utanfor komfortsona

Pia Gjørsvik Kvernevik

KONKURRANSE: Pia Gjørsvik Kvernevik under NM i bikinifitness i Oslo.

Foto: treningsforum.no

Bikinifitness kom til Noreg i 2012 og Kvernevik fortel at det er ein konkurranse der ein skal ha ein sunn og «fit» kropp. Ho fortel at ho måtte ut av komfortsona si for å delta.

– Det drar strikken litt langt, men eg har alltid vore slik at når eg bestemmer meg for noko så går eg «all in». Slik vart det vel no og. Eg har hatt nettbasert personleg trenar, som har vore med på å få meg til å stå på og nå målet mitt om å delta i NM.