Hopp til innhold

Brukte 700.000 kroner for å flyge til fjells for å avlive jerv

Dei ekstraordinære uttaka av seks jervar i Sogn og Fjordane i vår kosta vel 700.000 kroner.

Ein hannjerv

AVLIVA: Det er Miljødirektoratet som vurderer om det skal gjerast ekstraordinære uttak av jerv. Statens naturoppsyn utfører oppgåva. Oftast blir det brukt helikopter, og jerven blir skoten med ei bedøvingspil før den blir undersøkt og avliva.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Fjorårssommaren vart skildra som eit mareritt av bøndene, og det vart gitt rovvilterstatning for nær 1200 sauer. Jerven fekk mykje av skulda, men heller ikkje i vinter gav lisensjakta på jerv resultat.

I staden vart seks jervar avliva ved såkalla ekstraordinære uttak gjort av Statens naturoppsyn (SNO).

Lars Bendik Austmo, Direktoratet for Naturforvaltning

OPPDRAG: Lars Bendik Austmo i Statens naturoppsyn seier bruken av helikopter er det som kostar meir under såkalla ekstraordinære uttak.

Foto: Lise Sørensen / NRK

– Det er ganske ressurskrevjande å ta ut heilt spesifikke individ i spesifikke område. Utrekningane vi har gjort er at det kosta oss om lag 650.000 kroner, pluss timeløn til dei som har gjennomført det. Totalkostnaden hamnar på over 700.000 kroner, seier seksjonsleiar for rovviltseksjonen, Lars Bendik Austmo som seier bruk av helikopter utgjer storparten av kostnaden.

På oppdrag frå Miljødirektoratet

Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane skal vere eit beiteprioritert område, men jerven har fleire år gjort store innhogg i saueflokkane. Kvar vinter blir det opna for lisensjakt på jerv, men dei siste 15 åra er berre sju jervar skotne under vanleg jakt . I same periode er 54 jervar tekne ut med såkalla ekstraordinære uttak, der SNO flyg til fjells og avlivar dyra.

Seinast i vår vart seks jervar avliva ut på denne måten. Ein hann og ei tispe i fjella i Årdal, og to hanner og to tisper i Luster kommune. I tillegg vart ein jerv skoten på eit skadefellingsløyve av ein privat jeger.

– Ekstraordinære uttak skjer når forvaltninga meiner det er behov for uttak av jerv i område som har hatt mykje skader på husdyr eller tamrein, der det samtidig ikkje er gjort tilstrekkelege uttak etter den ordinære lisensfellinga, forklarar Austmo.

Forsvarar pengebruken

Arne Rebni Øverås

LØNSAMT: Leiar i Skjolden beitelag, Arne Rebni Øverås, forsvarar å bruke pengar på ekstraordinære uttak. Han viser til at det sparar sauene for store lidingar.

Foto: Privat

Avlivinga av dei seks jervane i vår har gitt resultat. Tapstala for bøndene er i år minimale. Leiar i Skjolden beitelag, Arne Rebni Øverås, meiner det er enkelt å forsvare pengebruken.

– I fjor vart det utbetalt over tre millionar kroner i rovvilterstatning, der jerven stod for storparten av skadane, medan vi i sommar har nesten null skader, seier han.

– Så det er veldig lønsamt for staten, som betaler begge deler, å bruke 700.000 kroner på å ta ut jerven før den får gjere skade.

Får kritikk frå Naturvernforbundet

Arnodd Håpnes

KRITISK: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet har lite til overs for at det blir brukt pengar for å flyge til fjells for å avlive jerv.

Foto: Jo Straube

Arnodd Håpnes, fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet, har derimot lite sansen for pengebruken.

– Vi ønskjer ikkje denne typen ekstraordinære uttak, som i Sogn har blitt ordinære uttak framfor lisensjakt, seier han.

Han meiner Norge har eit internasjonalt ansvar fordi ein stor del av den europeiske jervebestanden lever i Norge, og at all eventuell skyting av jerv bør skje ved ordinær lisensjakt, eller ved skadefelling når det oppstår skade på husdyr eller tamrein.

– Vi bør ikkje bruke mykje pengar for å bruke snøskuter og helikopter for å skyte dyr i norske nasjonalparkar og fjellnatur, seier han.