Hopp til innhold

Brukte 70 tonn sand på ein dag

Kraftig snøvêr gjorde det vanskeleg for brøytesjåførane mellom Fjærland og Sogndal onsdag. I løpet av dagen brukte dei 70 tonn sand.

Strøbil

SAND: Det vart brukt nær 70 tonn sand på strekninga mellom Sogndal og Fjærland onsdag. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Andreas Skeide / NRK

– Det er fortvilande når vêret gjer det så vanskeleg for oss, seier driftsleiar Svein Jarle Vigdal hos Mesta til NRK.no.

Frå morgonen av snødde det kraftig på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal. Ikkje før hadde dei fått sanden på vegen, måtte dei brøyte den vekk.

– Vi gjer det vi kan for å halde vegen i den standen den skal ha, men i går var det vanskeleg, seier Vigdal.

Sanden hamnar i grøfta

Han seier situasjonen i går var spesiell, og at det heldigvis ikkje er ofte at det er så vanskeleg å halde vegen i stand. Det kraftige snøfallet og nullføre gjorde at mesteparten av dei 70 tonna med sand enda opp i grøfta.

– Først brøytar vi vekk snøen, og så har vi på sand. Men når det snør så kraftig, så må vi brøyte igjen innan kort tid. Då forsvinn sanden ut i grøfta, og så må vi på med ei ny runde med sand, forklarar Vigdal.

Han har tre bilar i sving på strekninga, og alle måtte fylle bilen to gonger i løpet av gårsdagen.

– Det går vel 14 tonn sand på bilen, så det gjekk vel nær seks lass i løpet av dagen, seier Vigdal.

Klarte ikkje oppfylle krava frå Vegvesenet

Sjølv om det blei strødd i massevis vedgår Vigdal at dei ikkje klarte å halde seg innanfor krava i forhold til kor god friksjon det skulle vere på vegen.

– Vi hadde ikkje sjanse. Sanden forsvann med ein gong vi kom med brøyteskjæret for å få vekk snøen, seier Vigdal.

– Korleis opplever de det at folk samtidig ringer og klagar?

– Det er frustrerande, men folk skal vite at vi gjer alt vi maktar.

Situasjonen langt betre torsdag

I løpet av føremiddagen torsdag har brøytesjåførane på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland allereie brukt opp fleire lass med sand. Vigdal skildrar likevel situasjonen torsdag som langt betre enn onsdag.

– I dag tilfredsstiller vi krava.

– Men er det glatt?

– Nei, det skal ikkje vere glatt etter dei standardane vi følgjer. Men altså, det er snøføre, seier Vigdal.

Ber folk vere forsiktige

Hos Vegtrafikksentralen i Lærdal har dei ikkje fått inn spesielt mange meldingar om glatte vegar torsdag.

– Det har kome inn nokre meldingar frå Sogndalsdalen, Lærdal og i Stigedalen, seier Ketil Molvær.

Han melder at det er mannskap ute i alle områda, men oppmodar folk samtidig om å vere litt merksame på føret.

– Det er isdekke fleire stader, og det kan nok vere småglatt. Difor bør folk ta det med ro.