Hopp til innhold

Brukte 250.000 kroner på tre søkjarar til rådmannsstillinga

Nye Kinn kommune brukte kring 250.000 kroner på å få ein drosjesjåfør, ein rådmann og ein som har blitt omtala som Noregs ivrigaste jobbsøkar, til å søke på rådmannsstillinga.

Kristin Maurstad og Ola Teigen markering for Kinn kommune

TRE SØKJARAR: Berre tre søkjarar ynskjer å vere rådmann i den nye storkommunen til Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Foto: Silje Guddal / NRK

– No går vi vidare med dei tre søkjarane vi har, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

– Det er altfor prematurt. Vi må vurdere om prosessen har vore god nok og om vi ikkje bør utvide søknadsfristen, svarar Jacob Nødseth (Samlingslista).

– Står fram ikkje aktivt

Jakob Nødseth

TRIST: – Det står fram som trist at ikkje Kinn kommune er meir spennande for toppleiarar å søkje på, seier Jacob Nødseth (Samlingslista).

Foto: Truls Kleiven / NRK

Flora-politikaren er overraska over den tynne søkjarlista til rådmannsstillinga, som også skal vere prosjektrådmann til samanslåinga er blitt ein realitet i 2020.

Fellesnemnda hyra rekrutteringsselskapet Headvisor som no skal gå igjennom søkjarane:

  • Daniel Dyakov (32) frå Rogaland
  • Thorbjørn Gaarder (62) frå Oslo
  • Terje Heggheim 53) frå Florø

– Eg vil vite meir om korleis prosessen har vore. Eg har registrert ei annonse i Dagens Næringsliv og ei i lokalavisa, og det står fram ikkje for meg som om det har vore ein veldig aktiv prosess, seier Nødseth.

Vil ikkje utsetje

Terje Heggheim

VAR YNSKT: Noverande Flora-rådmann Terje Heggheim var ynskt som rådmann i nye Kinn kommune.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det var Fjordenes Tidende som først omtala saka. I 2013 omtala Dagbladet Gaarder som «Norges ivrigaste jobbsøkjar». Dyakov står oppført som jobbsøkande drosjesjåfør, medan Heggheim er Flora-rådmannen fleirtalet i fellesnemnda i utgangspunktet ville tilsetje i stillinga.

Vågsøy-ordførar Maurstad er ikkje samd med Nødseth i at ein bør utsetje søknadsfristen.

– Vi har hatt ein god prosess, vi har hatt lang søknadsfrist og søkjarar har hatt alle moglegheiter til å søkje stillinga. No må vi sjå på dei søkjarane som er komne inn og så får vi ta ei runde i rekrutteringsutvalet om korleis det går vidare, seier ho.

Visste det ville koste

Kristin Maurstad

GÅR VIDARE: Kristin Maurstad (Ap) ynskjer å gå vidare med tilsetjingsprosessen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi kunne tilsett rådmannen direkte, men fellesnemnda valde å gå for ei utlysing av fleire grunnar. Det held vi oss til. Vi visste at det ville koste litt pengar, men det var eit samrøystes vedtak i nemnda som sa vi skulle gjere det på denne måten, legg Maurstad til.

Nødseth er ikkje imponert over søkjarlista og trur årsaka kan vere at politikarane tidleg signaliserte at dei ville tilsetje Flora-rådmannen. Politikaren venta tosifra tal søkjarar.

– Det som å invitere til krabbefest og du får ei krabbeteine med ein krabbe og to fisk. Eg hadde venta langt større og breiare søkjarmasse enn dette til ei så fagleg, politisk og samfunnsviktig stilling som dette, seier han.

Vil ha informasjon

Nødseth ynskjer tilbakemelding på kor aktive og framoverlent rekrutteringsbyrået har vore for å nå aktuelle kandidatar.

– Det handlar ikkje berre om å setje inn ei annonse og få eit firma som styrer det. Det er viktig med legitimiteten utlysinga gir, seier han og avsluttar:

– Det kan godt hende at prosessen har vore god, at ein har vore aktive, har ringt folk og vore på. I så fall er det endå rarare at det ikkje er kome fleire kompetente søkjarar.