Hopp til innhold

Brukte 250 000 kroner på advokatar

Sjukehusaksjonen i Nordfjord brukte i fjor 250 000 kroner på advokatar.

Svein Hansen

FORSVARAR: Svein Hansen, leiar i sjukehusaksjonen i Nordfjord, har ingen problem med å forsvare bruk av 250 000 kroner på advokat.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Pengane kjem frå innsamlingar og gåver til aksjonen. Leiar Svein Hansen har ingen problem med å forsvare pengebruken.

– Det må eg seie i høgste grad. Det vi snakkar om her er først og fremst eit vere eller ikkje vere for Nordfjord og helsetilbodet der, seier han.

Dokumentere fakta

Det er i sjukehusaksjonen i Nordfjord sin rekneskap det kjem fram at aksjonistane i fjor hadde 252 575 kroner i advokatutgifter.

Pengane har gått med til å framskaffe fakta, men også til å gje juridisk bistand til tilsette i helseføretaket.

– Det har vore eit møysommeleg arbeid å byggje opp og dokumentere fakta. Vi forlanger same tilbod som dei andre i landet, så får vi sjå korleis det vil gå, seier Hansen.

– Ikkje i tråd med vedtak

For advokatane kan også få meir å gjere i framtida. Denne veka har sjukehusaksjonen varsla søksmål mot Helse Førde, og seier dei vil gå rettens veg for å stogge nedleggingsplanane ved Nordfjord sjukehus.

– Pengane kjem frå innsamla midlar og bruker til å sette advokat på vedtaka som er gjort i Helse Førde og regjeringa, som mange meiner er demokratiske og ordentleg fatta. Er dette rette måten å gjere det på?

– Ja, det meiner ikkje berre eg men eit samla styre i sjukehusaksjonen, at her har det føregått ting som ikkje er i tråd med verken forvaltning eller det som Stortinget og Regjeringa har vedteke. Så får det bli opp til andre å dømme om det er rett det som vi har hevda, seier han.