Hopp til innhold

Brukte 140.000 på Fredrikstadtur

140.000 kroner brukte formannskapsmedlemmene og hovudkomiteen til Tall Ships Races Måløy på ein tur til Fredrikstad i 2005.

Tall Ships Races, Måløy
Foto: unknown

Dåverande økonomiansvarleg for Tall Ships Races i Måløy, Jostein Mykland, reagerte på den kraftige pengebruken.

- Eg syns sjølvsagt det var ei dyr veke å belaste arrangementet for dei som var der i Fredrikstad. Men det var jo andre som tok den avgjerda.

Sakna ein plan

Jostein Mykland er ikkje nådig i kritikken mot den kraftige pengesløsinga i Tall Ships Races. Han meiner det generelt vart reist altfor mykje i forkant av seglskulefesten i Måløy fjor, og reagerer spesielt på ein tur til Fredrikstad i 2005.

Dit drog nemleg heile formannskapet og arrangementskomiteen i Tall Ship Races Måløy for å lære av korleis Fredrikstad organiserte sitt arrangement. Prislapp: 140.000 kroner. Mykland si oppgåve var å samle inn billaga etter turen.

- Eg sat på sidelinja og registrerte i ettertid kva som kom inn av vedlegg og rekningar.

- Det var mykje reising. Det var det. Eg var ute etter å få ein plan for heile året i samband med at eg skulle budsjettere. Men det fekk eg ikkje. Og det var tydelegvis vanskeleg å få ut, for det var ikkje planlagt i eit budsjett slik det eigentleg skal vere. Rekningar kom inn i ettertid utanom min kontroll, seier han.

Trekte seg

Jostein Mykland var økonomiansvarleg for Tall Ships Races frå oktober 2005 til utgangen av 2006, då han trekte seg frå vervet. Før Mykland gav seg skreiv han eit brev der han lista opp 20 punkt om korleis økonomistyringa måtte betrast. Her heiter det mellom anna:

"Alle innkjøp/bestillingar må på førehand sjekkast opp mot dei respektive budsjett. Alle avtalar og kontraktar må vere skriftlege, alle vedlegg må sjekkast mot avtalar, vedlegg må ikkje stoppe opp i det kommunale systemet slik at det oppstår purringar og inkasso, og det må vere kontroll med alle salsstadar".

Ut frå korleis Tall Ships Races var organisert, var det umogleg å halde styr på økonomien, seier Mykland.

- Slik eg sat på utsida av kommunehuset, og hadde dette på fritida, var det umogleg.

- Graverande

Geir Oldeide

Geir Oldeide

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Geir Oldeide frå partiet Raudt, som har bede om innsyn i alle reiserekningar i samband med Tall Ships Races, har følgjande kommentar til at det vart brukt 140.000 kroner på turen til Fredrikstad.

- Det er graverande. Det er ikkje noko anna å seie.

- Du bad om innsyn i fleire reiserekningar og i dokument frå tidlegare økonomisjef Mykland. Kva les du ut av dette dokumentet ?

- Det er jo eit langt skriv i 18-20 punkt med sentrale problemstillingar. At alle vedlegg skal sjekkast opp mot avtalar og pris, og at avtalar og kontraktar må gjerast skriftlege. Og at alle bestillingar og innkjøp må sjekkast opp mot budsjett. Det er sjølvsagte ting, men når slikt ikkje var system på. Og når det var mindre enn eit år igjen til arrangementet hasta det veldig å få på plass.

- Obligatoriske møte

I løpet av 2006 og 2007 reiste representantar frå Tall Ships Races til følgjande stader i utlandet: Antwerpen, La Courona, Amsterdam, Lisboa, Århus, Stockholm, Stettin og Berlin.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Ørjan Raknes Forthun

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Rådmann Ørjan Raknes Forthun ønskjer ikkje å gå inn på kvar enkelt utanlandstur. Han ønskjer heller ikkje å uttale seg om Fredrikstad-turen. Men på generelt grunnlag seier han at det var i hovudsak to grunnar til at det vart reist så mykje.

- Det var ein del obligatoriske møter med Sail Training International som organiserer Tall Ships Race. Der dei som skal arrangere må møte.

- Det andre var at det var behov for å hauste erfaringar frå det andre arrangørbyar gjorde. Slik at desse reisene vart brukt til å dokumentere kva desse byane gjorde av både positive ting og det som ikkje var fullt så bra. Slik at arrangementet i Måløy skulle kunne bli best mogleg. Det vart teke bilete og skrive ned slik at ein hadde god dokumentasjon.