NRK Meny
Normal

Brukte 11 timar til sjukehus med sjuk baby - foreldra er kritiske

Eit foreldrepar til ein fire veker gammal baby er opprørte etter at mor og son blei sende på ein 11 timar lang sjuketransport under orkanen i romjula.

Montasje: Marianne Aasen og babyen brukte 11 timar til Førde sentralsjukehus

LANG TUR: Marianne Aasen og babyen brukte 11 timar til Førde sentralsjukehus.

Foto: Øystein Tveiten/Privat

Det er Sogn Avis som fortel kva foreldra opplevde 2. juledag. Om ettermiddagen fekk babyen pustevanskar heime på Kaupanger. Dei reiste første frå legevakta i Sogndal.

Det var for dårleg ver til å flyge med helikopter, og E39 var stengd ved Movika i Førde. Legen tok kontakt med Haukeland Universitetssjukehus og fekk beskjed om at dei kunne komme dit.

– Men sjukehuset i Førde insisterte på at vi skulle komme dit, seier foreldreparet Marianne Aasen og Jørn Kristian Engebø til avisa.

Skulle fraktast med hjullastar

Dei blei sende med ambulanse og planen var at ein hjullastar skulle frakte dei forbi der vegen var stengd ved Movika. Men før dei kom så langt, blei dei stoppa av eit ras ved Kjøsnesfjorden. Dermed bar turen tilbake til Sogndal før dei måtte ut på ein ferjetur på tre timar frå Kaupanger til Balestrand og deretter i ambulansebåt til Vadheim. Deretter gjekk turen vidare til Førde med ambulanse til Førde.

Undervegs hadde babyen fleire pustestopp. Foreldra er kritiske og meiner det ville vore enklare å bli sendt til Bergen eller Voss.

– Kvifor skulle vi på død og liv til Førde, spør dei seg.

Meiner dei handla forsvarleg

Ambulansesjef Stian Sægrov seier til avisa at Helse Førde gjorde ei forsvarleg vurdering, og at dei handla ut ifrå det dei visste på dei aktuelle tidspunkta.

– Det var ikkje ras i Kjøsnesfjorden på det tidspunket og vil ville aldri sendt ambulanse dit om vi visste det. Eg kjenner heller ikkje til at Haukeland var inne i biletet, seier han til Sogn Avis.

Babyen var innlagd på sjukehuset i fem dagar med diagnosen kikhoste. Mor Marianne Aasen seier til NRK.no at det no står bra til med babyen som har blitt fem veker gammal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser