Hopp til innhold

Brukte 10 mill for mykje

Tall Ships Races i Måløy brukte langt meir pengar enn dei hadde fått lov til av politikarane, opplyser rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun
Foto: Håkon Eltvik / NRK

Arrangementet har gått på ein økonomisk smell på 13 millionar kroner, og no kjem det fram at ein vesentleg del av dette ikkje berre skuldast lite besøkande, men også at arrangementskomiteen har brukt meir pengar enn dei hadde fått lov til av dei folkevalde.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun stadfestar overskridingane.

Skulle bruke 20, brukte 30 mill?

Champagnen på Tall Ships Races blir spretta

Champagnene blir spretta under Tall Ships Races.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trass i at politikarane hadde vedteke at budsjettet til Tall Ships Races skulle vere på 20 millionar kroner, kan utgiftene til arrangementet vere, etter det NRK har grunn til å tru, så mykje som 30 millionar kroner.

Seglskutefesten lokka langt færre enn venta, totalt hadde arrangørane rekna med 15.000 kvar dag, det kom berre fjerdeparten.

To mill meir til transport

Rådmannen stadfestar no at arrangørane har brukt meir pengar enn dei opphavelege rammene. Men overskridingane har berre nokre få visst om. Innan transport til dømes har ein brukt to millionar kroner meir enn det kommunestyret hadde gått med på.

- Berre ordføraren visste

- Nokre av desse kostnadene, slik som transportopplegget, vart justert etter det siste kommunestyremøtet, og dermed var det berre ordføraren som visste om det, seier rådmannen.

- Politikarane har vore oppdaterte

- Men dersom politikarane vart orienterte om eit budsjett på 20 millionar kroner, og arrangementskomiteen brukar kanskje så mykje som ti millionar meir, burde ikkje politikarane få beskjed då?

- Politikarane har heile tida blitt oppdaterte på dei endringane som har blitt gjort i budsjettet så fort vi vart kjende med dei, og politikarane vedtok berre ramma.

- Kritikkverdig

Klaus Iversen, varaordførar i Vågsøy
Foto: Håkon Eltvik / NRK

Men sjølv om rådmannen meiner å ha ryggen fri, er fleire politikarar NRK har snakka med usamde i dette, ein av dei er varaordførar Klaus Iversen frå Venstre.

- Vi har forhalde oss til eit budsjett som var på cirka 20 millionar kroner, og om det skulle kome vesentlege avvik frå dette, hadde vi ei forventning om at administrasjonen skulle meddele oss dette.

- Så det er kritikkverdig å bruke meir enn det politikarane har bestemt?

- Ja, det vil eg no seie, for eit budsjett er til for å gi ein leietråd for kva rammer politikarane gir administrasjonen for å gjennomføre eit arrangement, og om dei går vesentleg ut over det, så er det kritikkveridg. Det er litt alvorleg for ein kommune som elles slit med underbalanse.

Ordførar Roger B. Silden ville tysdag ikkje kommentere overskridingane.

Før helga vart det av leiinga i kommunen fokusert på at det kom mindre folk enn venta. Silden sa i eit intervju måndag at han ikkje kan skjønne korleis arrangementet har gått så over styr.

Flyttesjau til nytt kommunehus

Leiinga i Vågsøy kommune er i hardt ver, i det nye rådhuset i kommunen pågår flyttesjauen samstundes som administrasjonen må gjere tala for arrangementet klare for politikarane.

- Har bomma totalt

Fyrverkeri Tall Ships Races Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Men trass i at politikarane sit att som spørsmålsteikn etter den økonomiske bomba, seier Raknes Forthun på si side at politikarane har fått all tilgjengeleg informasjon, han vedgår samstundes at arrangementskomiteen som han hadde økonomiansvaret for har bomma totalt.

- Nokre av desse kostnadene er justerte, men med den klare føresetnadene at det skulle kome tilsvarande inntekter.

- Ikkje merksame nok

- Var politikarane klare over at det heile var så avhengig av publikumstilstrøyming?

- Eg trur ikkje nokon av oss har vore nok merksame på at publikumstilstrøyminga skulle bli så utslagsgjevande på det endelege resultatet. Det må vi vere ærlege og seie.

Tek sjølvkritikk

- Tek du sjølvkritikk på det?

- Det er klart at det er mi oppgåve å gjere risikovurdering i forhold til økonomien til kommunen.

Forthun seier han innsåg alt på fredagen under Tall Ships Races at dette kom til å gå økonomisk gale, då såg han frå husveret at det var langt mindre bilar parkert utanfor sentrum enn venta.

- Eg såg at det var ein stor publikumssvikt, så sjokket har kome gradvis, men før arrangementet var eg ikkje førebudd på at det skulle vere mogeleg å gå 13 millionar i minus.

Vil ikkje vurdere stillinga si

Ørjan Raknes Forthun seier at det ikkje er aktuelt for han å vurdere stillinga si som rådmann så lenge han får gode tilbakemeldingar på den jobben han elles gjer. Men noko meir Tall Ships Races vil han ikkje ha noko av om han skal bli sitjande som rådmann.

- Ville teke hatten min og gått

- Viss denne typen arrangement var noko kommunen skulle halde fram med så trur eg at eg hadde teke hatten min og gått, men eg trur ikkje vi kjem til å gjere det fleire gonger.

- Så du trur ikkje det blir fleire Tall Ships Races i Måløy?

- Nei, per i dag vil eg iallfall ikkje anbefale det som ein god idé.