Hopp til innhold

Bruker rifle og høgt gjerde for å stansa hjort på epleslang

VANGSNES (NRK): Denne vinteren var det ekstra vanskeleg for hjortar å finna mat. Derfor har fruktbønder på Vangsnes blitt invadert av hjortar på bærtur.

Fruktbonde Vangsnes

NØGD MED HJORTEGJERDET: Fruktbonde Eivind Lidal (t.v.) vernar om eplehagen sin med eit gjerde sponsa av Innovasjon Norge. Det er Marianne Bøthun (t.h.) i Norsk Landbruksrådgiving glad for.

– I år har det vore ei utfordring, for det har vore så mykje snø på fjellet, forklarer Marianne Bøthun i Norsk Landbruksrådgiving.

Snøen på fjellet gjer at hjortane ikkje finn mat der. Derfor stel dei frukt frå bøndene på Vangsnes.

– Dei går til duk og dekka bord og kan gjera utruleg mykje skada i planta felt, legg Bøthun til.

Fruktbonden Eivind Lidal bestemt seg for å gjera noko med problemet. Då han planta seg ein eplehage for om lag to år sidan, sette han opp eit hjortegjerde rundt. Slike gjerde er høgare enn andre gjerde.

– Det er berre eit godt hjortegjerde som hjelper, ingenting anna, fastslår Lidal.

Innovasjon Norge sponsar gjerde

Glad i epletrea

GLAD I EPLETREA SINE: Fruktbonde Eivind Lidal er ute og arbeider i eplehagen sin.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– No er me så heldige at Innovasjon Norge har tatt dette hjorteproblemet veldig seriøst, seier Bøthun. Dersom ein lagar nye felt med frukt, kan ein søka om midlar frå Innovasjon Norge. Då vil hjortegjerde også bli sponsa.

Kva har frukt med innovasjon å gjera?

– Veldig mykje. Me er jo frukt- og bærfylket. Sogn og Fjordane har gått forbi Hordaland i verdiskaping på frukt og bær, og det er me grådig krye over, fortel Bøthun. Til dømes står Sogn og Fjordane for 75 prosent av bringebærproduksjonen i Noreg.

Hjorten visste når bonden la seg

I tillegg til eplehagen, dyrkar fruktbonden Lidal bringebær. På bringebærfeltet hadde han ein tjuv som kom att kvar kveld.

– Når eg slo av lyset om kvelden, så slo dei til, fortel Lidal.

Ein kveld skrudde han av lyset, men han gjekk ikkje for å leggja seg. I staden tok Lidal med seg rifla ut.

Eg avliva dei i måneskinnet.

Les også: Hjorten Einar var døden nær - men sjå på han no!

Bekymra for hjort

UROAR SEG FOR HJORT: Fruktbonde Eivind Lidal (t.v.) og rådgivar for frukt og bær, Marianne Bøthun, er lei av at hjorten forsyner seg frå fruktfatet.

Foto: Steinar Daltveit / NRK