Bruker halv milliard på ny båt

Brørne Jan Arve og Frode Heggøy frå Askvoll i reiarlaget Heggøy as kjem til å betalar opp mot 550 millionar kroner for fiskebåten «Kremmervik». Det melder Fiskeribladet. Med seg på kjøpet får dei alle kvotane til båten, på totalt 11.000 tonn, som er den største kvoten på kysten. Tidlegare i sommar selde dei båten sin, «Sjøglans», som dei har hatt i ei årrekkje for 250 millionar.