NRK Meny
Normal

Brukar svartmetall som ei flukt frå kvardagen

Om dagen jobbar dei i bank og barnehage, men på kveldstid går det i naglar, skinn og dyster sminke.

Natas i studio

SVART OG KVIT SMINKE: Vokalist Torstein «Helvett» Våge og bassist Erlend «Grøtt» Grøttebø stilte i full sminke då dei snakka om gruppa si.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Vi blir eit uttrykk. Ein levande død, seier Torstein Våge.

Han er vokalist i svartmetallbandet Natas frå Førde. Langt hår, skjegg, mørke klede og spikrar rundt handleddet er ein del av imaget.

Våge, som har kallenamnet «Helvett», seier dei slepper seg laus som ein kontrast til det daglegdagse livet.

Natgas i studio

SPIKAR: Dette er ein del av utstyret dei brukar på scena.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Vi treng noko å spele det ut på, og det er musikken vi er interessert i. Vi prøver å finne eit ikon som gjenspeglar det vi representerer i musikken. For meg er det Helvett, eit namn eg fekk namnet av naboen for mange år sidan, fortel han.

– Men kvifor nettopp svartmetall?

– Det er tungt, mørkt og aggressivt. For ein som jobbar i barnehage og må vere tolmodig, så er det godt å komme til kvelden og spele aggresjon ut av kroppen, seier bassist Erlend «Grøtt» Grøttebø lattermildt.

Fekk toppkarakter

Gruppa blei starta rundt 2010 med fem medlemmar. I dag er dei sju, med tre gitaristar som byter på å spele.

– I 2013 laga vi ein demo som vi la ut på Youtube. Den fekk greitt med popularitet, men ikkje slik som plata vi gav ut, seier Grøttebø.

For albumet «På veg ... til helvett» som blei gitt ut i vår, fekk toppkarakter i det tyske magasinet Legacy.

Medlemmane i bandet samarbeider godt for å få det rette uttrykket i musikken dei skapar.

– Alle i bandet kan komme med materiale, og vi kjem med innspel til kvarandre om kva vi tykkjer er feitt og kult.

Laster innhold, vennligst vent..

Jobbar mykje med tekstane

Låtane har namn som Daudens kall, Stormkjempenes trone og Rest in Chaos. Sjølv om det kanskje er litt vanskeleg å oppfatte tekstane i den hardtslåande musikken, er vokalen viktig.

– Den står i stil med kjensla du får av musikken. Å syngje om sol og is kan andre gjere. For oss er teksten veldig viktig, og eg brukar mykje tid på å skrive ei logisk historie, seier Våge.

Han fortel at låten Daudens kall handlar nettopp om kallet til døden.

– Det er ingen som har analysert korleis eit skrik frå mørket som skal hente deg til underverda høyrest ut, eller kva som skjer i dette biletet. Der er teksten veldig forklarande, men du må nesten lese han for at du skal få 100 prosent forståing, seier han.

– Kvar kjem bandnamnet Natas frå?

– Om du les det baklengs, så ser du kva det betyr.

Her kan du høyre bandet då dei var gjest i studio denne veka:

Natas

SVARTMETALL: Gruppa Natas består av sju medlemmer, med artistnamn som Helvett, Grøtt, Atyr, Djafull, Beleth, Lothus og Malachai.

Foto: Pressebilete
Vegopning på Bergum i Førde kommune